Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil SV få bukt med seksuell trakassering i kulturlivet

I sitt alternative statsbudsjett for 2018, føreslår SV å styrka Skodespelar- og dansaralliansen, som gir skodespelarar og dansarar utan fast tilsetting løn og sosiale rettar mellom oppdrag, med 4,5 millionar kroner. Dei føreslår også å oppretta ein tilsvarande allianse for musikarar, og vil bruka 1 million kroner på å greia ut dette.

I tillegg har partiet lagt inn ein post på 10 millionar kroner til likestillingstiltak i kulturbransjen, som kulturaktørar skal kunna søkja på.

Forslaga kjem som følgje av #metoo-kampanjen, som dei siste vekene har nådd norsk kulturliv med full styrke.

 – Då me såg at dette dukka opp, tenkte me på kva meir me kunne gjera, spesielt for kulturbransjane, seier SV-politikar Freddy André Øvstegård (22).

Skeive maktforhold

Som medlem i familie- og kulturkomiteen på Stortinget er Øvstegård både kultur- og likestillingspolitisk talsmann i SV, og trur ikkje det er tilfeldig nettopp kultursektoren er råka av skuldingar om trakassering og overgrep. Nesten 500 skodespelarar gjekk ut og fortalde sine historier i Aftenposten i helga.

Øvstegård trur problematikken heng saman med mannsdominansen i bransjen og ein usikker arbeidssituasjon for skodespelarane.

– Viss du går inn i desse historiene, så ser du at det er mange frilansarar, skodespelarar på korte oppdrag, folk som er i eit skeivt maktforhold med dei mannlege sjefane sine. Då tenkjer ein kanskje at ein ikkje tør å seia frå fordi ein er usikker på om ein får neste kontrakt. Skal ein få løyst dette, må ein få gjort noko med desse skeive maktforholda, seier Øvstegård.

Hentar opp gamalt forslag

Skodespelar- og dansaralliansen blei oppretta med støtte frå den raudgrøne regjeringa av Ap, SV og Sp i 2012. I 2013 løyva dei også ein «likestillingsmillion» til musikkbransjen, som er inspirasjonen for SV sitt forslag om ein ny likestillingspott.

Kommunikasjonsdirektør i Norsk Kulturråd, Janne Stang Dahl, sa til Framtida.no i 2014 at det kom «enormt mykje bra» ut av likestillingsmillionen, men ordninga blei avvikla av Høgre- og Frp-regjeringa året etter.

Ifølgje Dagsavisen sa dåverande kulturminister Thorhild Widvey (H) i 2014 at «…likestilling ikke er et mål for oss å ha fokus på. Det er her vi kommer til å se den store endringen framover. Vi ønsker færre mål for at bransjen skal få en større frihet».

– Handlar om haldningar og system

«Seksuell trakassering løses ikke med mer penger eller kvotering,» sa noverande kulturminister Linda Helleland (H) til same avis tidlegare i haust, og la til:

– No ber eg institusjonane og tilskottsmottakarane på kulturfeltet følgja opp og syta for at trakassering ikkje skjer. Trakassering i filmbransjen handlar om haldningar hos den enkelte og om gode system for å handtera slike saker skikkeleg.

SV-politikar Øvstegård er ikkje imponert av kulturministeren sin innsats på området, og meiner det trengst nye midlar og tiltak for å få bukt med problemet.

– Det nyttar ikkje å seia til bransjen at dei må skjerpa seg viss ikkje ein stiller med midlar til å gjera noko med det, seier han.