– Menneske forstår nok ganske mykje av kva hundar tenkjer og føler

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny forsking: Merksemd påverkar ansiktsuttrykk til hundar

Saka var først publisert hjå ABC Nyheter

Mange hundeeigarar vil med handa på hjartet hevde at deira kjære firbeinte ven kommuniserer med dei via blikket, og no får dei også støtte frå vitskapeleg hald:

Ei gruppe forskarar ved Universitetet i Portmouth i England har oppdaga at hundar produserer fleire andletsrørsler når vi menneske er merksame på dei – deriblant heving og senking av indre augebryn som gjer at auge deira verkar større.

Studien hevdar at andletsuttrykka til dyr er ein måte å kommunisere på, stikk i strid med den rådande oppfatninga om at dyrs andletsuttrykk stort sett er umedvitne rørsler som reflekterer indre kjensler.

Kvalpeblikk

Forskinga, som er publisert i Scientific Reports, er ein del av ein serie studie som ser nærmare på det særeigne forholdet mellom menneske og hundar. Blant anna indikerer forsking at hundar forstår både ord og tone i menneskeleg tale.

Saka held fram under bilete

Foto: Charlotte Selstø

Den aktuelle studien blei gjennomført ved at ein nytta et videokamera til å registrere eit tal hundars andletsrørsler gjennom ei rekke eksperiment der ein person enten møtte dyret andlet til andlet eller vende seg vekk. Det blei også variert om personen hadde ein godbit på lur eller ei.

Etterpå blei opptaka analysert bilete for bilete for å sjå etter endringar i andletsmusklane i hovudbotnen. Resultata avslørte at hundane produserte langt fleire andletssuttrykk når mennesket var vendt mot dei, enn om personen snudde ryggen til. I tillegg var sjansen større for at dei nytta kvalpetrekk, som store auge og å vise tunge.

– Ikkje overraska

Irja Ida Ratikainen er forskar ved Institutt for biologi på NTNU, med åtferdsøkologi og evolusjonær økologi som interessefelt. Ho er ikkje overraska over forskarane sine funn når det gjeld korleis hundar nyttar andletsrørsler andlet til andlet med menneske.

– Eg synest vel ikkje det er så veldig overraskande ettersom hundar er flokkdyr som også er tilpassa å leve saman med menneske over svært lang tid. Desse resultata byggjer vidare på tidlegare forsking som viser at hundar kan følgje blikk og peiking frå menneske, seier Ratikainen til ABC Nyheter.

Irja Ida Ratikainen

Irja Ida Ratikainen, forskar ved Institutt for biologi på NTNU. Foto: Thor Nielsen

– At dei brukar fleire andletsrørsler når mennesket er vend mot dei treng ikkje å tyde at dette er bevisst bruk av uttrykk, meir sannsynleg er nok at dei har ein undermedviten som styrer mesteparten av dette, fortsett ho.

Ratikainen kjenner ikkje til at det har vore gjort liknande studiar på andre artar.

– Hundar har over lang tid hatt eit anna slags forhold med menneske og eg ville nok blitt noko meir overraska om andre dyr kan kommunisere med andletsuttrykk slik som hundar. Også forfedrane til hundane, ulvar, kommuniserer med artsfrender ved hjelp av blant anna andletsuttrykk – primatar er det opplagde unntaket. Andre dyr kommuniserer hovudsakleg på andre måtar.

Moglegheit til kommunikasjon

Den britiske studien hevdar hundens andletsuttrykk ikkje berre er eit resultat av korleis dei føler seg på innsida, men ein moglegheit til å kunne kommunisere med oss menneske.

– Forsking fortel oss at hunden sitt andletsuttrykk sannsynlegvis vil reagere på menneske, ikkje berre på andre hundar. Det seier oss noko om korleis temming har påvirka hundar og at det har gjort dei meir kommuniserande overfor menneske, seier Bridget Waller, professor i evolusjonær psykologi ved University of Portsmouth og ein av forfattarane av studien, til The Guardian.

Forskarane understrekar at dei ikkje kan seie sikkert om hunden lærer å gjere andletsuttrykk når vi ser på dei, eller om det vert spegla eit djupare samband.

Foto: Christopher Gower/Unsplash

Forstår hundar vi kjenner

Mange hundeeigarar vil nok kanskje seie at dei kommuniserer med hunden sin og at dei forstår nærmast kva den tenkjer og føler. Men er det eit uttrykk for at vi menneskeleggjer hunden, eller er det eit heilt spesielt band mellom kjæledyr og eigar?

– Menneske forstår nok ganske mykje av kva hundar tenker og føler, delvis fordi hundar er flinke til å kommunisere med oss. På same måte som vi forstår menneske vi kjenner betre enn dei vi ikkje kjenner, vil vi også raskare forstå hundar vi kjenner enn dei vi ikkje kjenner, forklarar Ratikainen.

NTNU-forskaren meiner dette kjem av at det er variasjon mellom individa i nøyaktig korleis og kor ofte dei brukar ulike uttrykk og at vi lærer repertoaret til eitt individ når vi interagerer mange ganger over lang tid.

– Då kan vi jo føle at vi har eit spesielt band med dei vi kjenner, utdjupar ho.

– Overraskande, men forståeleg

Nærvære av mat hadde ifølgje forskarane ingen effekt på uttrykk, noko som undrar Ida Irja Ratikainen.

– Dette er noko overraskande, men forståeleg då det er mennesket si merksemd som er viktig for alle formar for løning for dei fleste hundar.

– Forskarane skriv at dei ikkje kan konkludere basert på dei dataene dei har når det gjeld vokalisering – som til dømes ved bjeffing og logring. Det er altså usikkert om mat har ein effekt på andre rørsler enn andletsuttrykk, avsluttar Ratikainen.

Hundar

Foto: Anoir Chafik/Unsplash