Fyllekuler i tenåra kan skade hjernen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drikkinga påverkar område som er viktige for hugs og sjølvkontroll., skriv Forskning.no. Det kan påverke alt frå sjølvkontroll og hugs til om vi vel å køyre i fylla. Studien samanfattar forskinga som ser på korleis det å drikke mykje på kort tid, kan føre til fysiske endringar i hjernen til unge menneske.

Forskarane har sett på 38 studiar som tek for seg korleis det å drikke mykje og tett medan du er ungdom påverkar fleire delar av hjernen vår. Alle områda spelar nøkkelroller i måten vi oppfører oss på og kan ha mykje å seie for kor godt vi klarer oss i samfunnet. Desse områda av hjernen er viktige for alt frå sjølvkontroll, korttidsminne og evna vår til å lære, til kor flinke vi er til å vurdere risikoen ved å gjere noko farleg opp mot kva vi får ut av det. I forskingsgjennomgangen blir sistnemnde knytt opp mot fyllekøyring og stoffmisbruk.

Alle desse områda i hjernen var både mindre og tynnare hos dei som drakk mykje på kort tid som tenåringar. Med det meiner forskarane jenter som drakk meir enn fire einingar og gutar som drakk meir enn fem, på under to timar. Forskarane bak studien, som er publisert i tidsskriftet Frontiers in Psychology, seier det er viktig å skape ei betre forståing for korleis det å drikke mykje og tett påverkar hjernen, mellom anna fordi hjernen framleis er i utvikling i ungdomstida.