Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «La pusen være» handlar om å la kroppen til jenter vere i fred, og at ein ikkje har nokon rett til å ta på dei utan samtykke, seier Emma Løkeland Ryste.

16-åringen frå Oslo er styremedlem i den feministiske ungdomsorganisasjonen Jentefronten, som står bak Instagram-kampanjen «La pusen være». Gjennom å dela historier som jenter har sendt om tafsing, «cat-calling» og annan uønskt seksuell merksemd frå gutar og menn håper aktivistane å skapa merksemd og debatt om det dei meiner er eit svært stort og vanleg problem.

– Alle eg har snakka med av vener og på skulen har opplevd ein form for trakassering, sjølv om det kanskje berre er at nokon har ropt eller slått dei på rumpa, seier Ryste.

Skeiv maktbalanse

– Kvifor gjer gutar sånne ting?

– Det er vanskeleg å seia, men kanskje for å visa at dei har makt til det. Det er ein skeiv maktbalanse i samfunnet som seier at gutar har rett til å gjera sånne ting, seier Ryste, som også trur gruppepress blant gutar speler inn.

– Dei vil kanskje visa seg for kompisane sine for ikkje å bli kalla «feig» og «homo» og sånt.

– Kva har du opplevd sjølv?

– Eg er keeper i innebandy, og var med på ei herretrening ein gong. Då gutane skulle koma bort etter treninga og seia at eg hadde spelt bra, måtte dei sjølvsagt visa det ved å klappa meg på rumpa, seier Ryste.

Håper fleire seier frå

Ei av historiene som har blitt sendt inn til kampanjen, kjem frå ein 23-åring som var på jobb som journalist då ein mann ho intervjua bad henne om å setja seg på fanget hans. Ei anna kjem frå ei jente på 15 som fortel om korleis det har påverka sjølvbiletet hennar at gutar på barneskulen slo henne på rumpa og klagde på utsjånaden og kroppen hennar. Andre melder om trakassering frå eldre mannlege kollegaer, og kor vanskeleg det kan vera å seia frå om trakassering når ein er ung og ny på arbeidsplassen.

Ryste fortel i tillegg at fleire av historiene dei har fått tilsendt handlar om tilsynelatande alvorlege overgrepssaker, til og med incest, noko som understrekar alvoret ved problemet.

– Kva håper de å oppnå med kampanjen?

– Det er vanskeleg å oppnå mykje når eit såpass stort samfunnsproblem, men me håpar på det i alle fall når ut til nokon unge jenter sånn at dei ser at seksuell trakassering ikkje er greitt, og seier meir ifrå. Det er veldig lett å tenkja at «sånt skjer, me er vane til det».

“Min første gang på bar var med en venninne og to kompiser. Vi dro på et av de få barene som hadde 18-årsgrense. De hadde dansegulv, hele gjengen ble med ut på det og vi hadde det kjempegøy. Så gikk gutta for å gå på do. Da de forsvant dukka det opp gutter fra alle kanter. De tok tak i oss rundt livet og begynte å jokke på oss. Venninna mi og jeg var ikke det minste interessert i dette. Vi dytta dem av bare for å bli holdt på hofta. Vi tok armene deres vekk fra hofta, men da la de dem rundt skuldrene våre. Vi prøvde å danse bare med hverandre, jeg og venninna mi, men det virket som om det bare tiltrakk flere gutter. Klåinga slutta ikke før kompisene våre kom tilbake. Da forsvant alle sammen og vi fikk være i fred. Vårt “Nei!” var ikke like sterkt som nærværet til en annen gutt. Jeg følte meg som en eiendom, som skulle eies fra gutt til gutt, men som ikke skulle få lov til å eie seg selv.” -Jente 20 år

Et innlegg delt av LaPusenVære (@lapusenvaere)

Fakta

  • I ei undersøking blant norske ungdomar svarer 60 prosent at dei har opplevd å bli seksuelt trakassert (NRK). Undersøkinga var utført av forskarar ved NTNU.
  • Gutar som trakasserer gutar og gutar som trakasserer jenter er dei vanlegaste formene for trakassering. Jenter som trakasserer gutar er minst vanleg.
  • Rundt 45 prosent av gutane og 30 prosent av jentene innrømte at dei hadde trakassert nokon.
  • Andre undersøkingar har vist at kvar femte eller sjette nordmann har opplevd seksuell trakassering på arbeidsplassen (Aftenposten).
  • Kvinner er mest utsette for stress, ubehag og psykiske helseplager som følgje av trakassering på arbeidsplassen, viser forskinga.
  • 4 av 10 unge jenter under 16 år har opplevd å bli trakassert på nett.