«Høgre fortener oljetønner med kjeft»
Eg er forbanna over Høgre sitt val. Dei går fleire skritt tilbake i tida ved å ynskje ei konsekvensutgreiing av LoVeSe, skriv leiar i Troms Natur og Ungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg veit ikkje kva ord eg kan bruke. Eg har mange ord eg vil bruke, men fleire av dei skal eg halde meg for god for. Trass i at det Høgre no har gjort fortener bøtter, eller oljetønner om du vil, med kjeft.
Eit unikt naturområde
Under fyrste dag av Høgre sitt landsmøte røysta dei for ei konsekvensutgreiing av naturområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
Lofoten, Vesterålen og Senja er magiske naturområde som har vore viktige for kyst-Noreg og Nord-Noreg i massevis av år.
LoVeSe er eit verdifullt og heilt unikt naturområde, som me ikkje kan ofre for kortvarig petroleumsverksemd.
Både Havforskingsinstituttet, Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet har sagt eit tydeleg nei til petroleumsaktivitet i LoVeSe. Dei er samde i at petroleumsverksemd i desse havområda ikkje kan sameinast med å ta godt nok vare på dei unike naturverdiane.
Uansvarleg av Høgre
Eg er forbanna over Høgre sitt val. Dei går fleire skritt tilbake i tida ved å ynskje ei konsekvensutgreiing av LoVeSe.
Me har kunnskapen, og den seier nei til oljeboring og ja til eit evig oljefritt LoVeSe. Det er uansvarleg av Høgre å gje blaffen i framtidas innbyggjarar langs kysten. Dei vil heller bruke tid, pengar og energi på å drive ein valkamp som tilhøyrer fortida.
Torsdag 20. mars røysta Høgre nei til fisken, folket og framtida langs kysten i nord, husk dette når du skal gå til valurnene til hausten. Røyst for eit evig oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja!