Slik ser seksuell trakassering ut

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.07.2017 11:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har sett seksuell vald i media, men me har ikkje sett denne gråsona med seksuelle overgrep der det handlar om makt og ein viss dynamikk – ofte på arbeidsplassen, fortel David Schwimmer på talkshowet The View.

Skodespelaren, som er best kjent for si rolle i tv-serien Friends, lanserte nyleg Facebook-kampanjen #ThatsHarassment.

Kampanjen består av seks filmar som rettar søkjelyset mot seksuell trakassering på arbeidsplassen.

Med seg på laget har produsent David Schwimmer og regissør Sigal Avin fått skodespelarar som Cynthia Nixon frå Sex og Singelliv, Emmy Rossum frå filmatiseringa av Phantom of the Opera og Michael Kelly frå House of Cards.

LES OGSÅ: To av ti kvinner blir sjikanert i jobbfylla 

Sexual Assault Awareness Month
Sidan 2001 har april vore Sexual Assault Awareness Month over heile USA.

Då president Trump annonserte at april også i år er månaden for å setja fokus på seksuelle overgrep og trakassering, vekte det mange reaksjonar. Trump har sjølv vorte anklaga for seksuelle overgrep og trakassering, og fleire kallar han ei vandrande åtvaring mot seksuelle overgrep.

Trumps eigen kommentar: «grab ‘em by the pussy», har òg fått plass i ein av filmane.

Seinast i går var Trump ute og forsvarte tv-verten Bill O’Reilly, som er anklaga for fleire tilfelle av seksuell trakassering. New York Times har avslørt at programleiaren for det populære showet «The O’Reilly Factor» har betalt 110 millionar kroner til fem kvinner som har anklaga han for overgrep.

Behov for kampanjen
#ThatsHarassment-kampanjen er ikkje primært retta mot Trump, men Schwimmer peiker på dagens situasjon i USA når han forklarar kvifor det er behov for kampanjen.

– Det verkar som om kvinner og deira talspersonar kjempar for grunnleggjande menneske- og borgarrettar. Me tenkte at me eksplisitt må sei at seksuell trakassering og seksuelle overgrep ikkje er tillatt, seier skodespelaren.

I kampanjen har dei freista å gi seksuell trakassering eit andlet, som ein sjef, ein lege, ein medarbeidar, ein fotograf, ein skodespelar og ein politikar. Alle filmane er baserte på faktiske hendingar.

Schwimmer fortel i studio at både mor hans og syster hans har fortalt om seksuell trakassering frå legen sin, etter at dei såg filmen.

CynthiaNixonMichaelKelly
Cynthia Nixon i rolla som ein pasient som vert sesuelt trakassert av vikarlegen (Michael Kelly). Skjermdump: ThatsHarassment