«Ei aldersgrense på 15 år, vil hindra barn og unge frå å kunna ytra seg»
Det å innføra ei aldersgrense, vil direkte avgrensa vår evne til å nå ut til den største delen av målgruppa vår; dei som faktisk er mest sårbare og treng å bli høyrde, skriv landsstyrerepresentant og lokallagsleiarar i Press – Redd Barna Ungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Unge Høgre fekk i helga gjennomslag på Høgres landsmøte om å innføra 15-års aldersgrense på sosiale medium som ein del av dei nye partiprogramma deira.
Dette meiner me i Press – Redd Barna Ungdom er feil veg å gå.
Me ser intensjonen i forslaget, men meiner problemet ligg i innhaldet på plattformene og ikkje hos forbrukarane. Forslaget skyv målstreken, i staden for å konfrontera problemet.
Retten til ytringsfridom
Å innføra ei aldersgrense på 15 år, vil i stor grad hindra barn og unge frå å kunna ytra seg, og bruka stemma si i samfunnet.

Det er den arenaen med lågast terskel for å delta i samfunnsdebatten

Mange unge bruker sosiale medium til å uttrykkja sine meiningar, fordi det er den arenaen med lågast terskel for å delta i samfunnsdebatten.
Det handlar ikkje berre om tilgang til digitale verktøy, men retten til ytringsfridom. Dette blir særleg problematisk når unge mistar moglegheita til å delta i debattar som i stor grad angår dei sjølv.
Høgres forslag vil stengja ute ein stor prosentdel av barn og unge frå viktige digitale og sosiale arenaer. Sosiale medium er både ein stad for underhaldning, som utruleg mange set pris på – men også eit kritisk verktøy for å halda seg oppdatert på samfunnsdebattar, uttrykkja meiningar og halda oppe relasjonar. Dette blir ekstra viktig for dei barna som kjenner på utanforskap, og som finn ein tryggleik i dei sosiale miljøa sine på internett. Om me hevar aldersgrensa, vil dei som elles fell utanfor det sosiale, missa moglegheita til å knyta band på nett heilt fram til dei fyller 15 år.
Plaster på feil sår
Me meiner dette forslaget blir som å leggja plaster på feil sår, fordi det på ingen måte treffer kjerneproblemet, men heller blir ei forenkla løysing.
Me må retta fokuset mot innhaldet som finst på sosiale medium og regulera dette, slik at plattformene blir trygge arenaer, også for barn.

Det må takast eit større ansvar for korleis innhald blir moderert

Det må stillast høgare krav til plattformene, og det må takast eit større ansvar for korleis innhald blir moderert. Eksempel på slike tiltak kan vera strengare krav til algoritmar, reklameinnhald og personverninnstillingar.
Ei 15-årig aldersgrense vil ikkje løysa problemet, fordi det skadelege innhaldet ikkje vil forsvinna av den grunn.
Vern av foreldre
Det er viktig å understreka at 15-åringar også er barn. Er me eigentleg i ferd med å verna barn, eller vernar me foreldra frå eit system dei oppfattar som uregulert og skadeleg?
I Noreg blir alle under 18 år framleis rekna som barn. Derfor må me heller fokusera på å regulera praksisen frå plattformene, i staden for å straffa dei yngste for feil som på ingen måte ligg hos dei.
Det er viktig å hugsa at barn under denne 15-årige grensa likevel vil klara å finna måtar å omgå restriksjonane på. Derfor vil ikkje tiltaket verka opp mot rett formål, men heller ekskludera dei som vel å følgja aldersgrensa.
Kamparena
Som engasjerte unge er det essensielt å kunna bruka sosiale medium aktivt til å kjempa for kampsakene våre. Det er sentrale kanalar for å kunna nå ut med viktig informasjon, og engasjera andre barn og unge i den offentlege debatten.
Det å innføra ei aldersgrense, vil direkte avgrensa vår evne til å nå ut til den største delen av målgruppa vår; dei som faktisk er mest sårbare og treng å bli høyrde.
Forslaget er ikkje berre ineffektivt, men ei avgrensing av barns rettar og moglegheiter.
Me er nøydde til å retta merksemda mot dei strukturelle utfordringane på sosiale medium, og investera i tiltak som styrkjer både ansvaret på plattformene og barns digitale kompetanse. Då kan det dannast eit trygt og inkluderande digitalt miljø, der barn og unge kan få læra, utvikla seg, og stemmene sine – utan at dei blir utestengde frå samfunnet.
Barn og unge er ikkje problemet, derfor er det ikkje dei som skal straffast.