Sov meir og få betre karakter!

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Èin time ekstra søvn om morgonen gir betre karakterar

Judith Owens, nevrolog på Harvard og direktør for søvnmedisin på Boston Children’s Hospital, har lenge hevda at seinare skulestart, er bra for alle tenåringar.

Forskning.no har tidlegare vist at ungdom søv mykje mindre enn dei treng, og seinare skulestart fører til at tenåringar ikkje trenger å ta att så mykje i helgene, dei er meir nøgde, mindre trøtte og følgjer meir med i skuletimane.

– Stikk i strid med det vi trudde får dei òg meir tid til å gjere lekser, seier dei, hevdar Owens (sjå video under). Elevane som har prøvd dette i prøveordningar i USA, mellom anna i delstaten Kentucky, rapporterer at dei både søv meir og gjer meir lekser.

– Studentane sa at dei vart meir motiverte for skulen av å få sove meir, ,og fekk leksene ferdig raskare ettersom dei ikkje sovna medan dei gjorde dei.

Ho fokuserte òg på at langt færre droppar ut av skulen med skulestart frå halv ni eller seinare, dei kjem på skulen og i tide og får opp til 10% betre karakterar på eksamen, samt generelt langt betre resultat i engelsk, matte, naturfag og samfunnsfag.