Saknar søvnvenleg kvardag for ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nok søvn er viktig, ikkje minst for ungdom som skal vekse og lære. Men sjølv om få stiller spørsmål ved påstanden, så veit både foreldre og ungdom at det er vanskeleg å kome seg i seng i tide.

– Vi hjelper ikkje ungdommane så godt på veg. Vi må vise at vi meiner at nok søvn er viktig og legge opp eit system som gjer at det er mogleg å få den søvnen dei treng, seier Hysing, som er professor ved Uni Research Helse i Bergen.

Ho var ein av føredragshaldarane på ein konferanse om ungdom og søvn i Oslo tysdag, kalla ZZZ2016.

LES OGSÅ: Lite søvn + stress = dårleg hukommelse

Lange dagar, korte netter
Hysing er kritisk til korleis vi legg opp kvardagen, særleg for elevar på vidaregåande skule. Skuledagen startar ofte tidlegare enn før, samtidig som mange får lengre reiseveg. Dessutan er trening og andre aktivitetar ofte lagt til seinare på kvelden enn då barna var yngre.

– Når vi spør ungdom på vidaregåande kor mykje søvn dei bør ha, så svarer dei rundt 8,5 timar. Det stemmer bra med det vi veit dei treng. Men på kvardagar ligg dei i snitt to timar under, seier Hysing, som strekar under at det naturlegvis er individuelle forskjellar.

Velkjente søvntjuvar er mobiltelefon, TV og PC. Rådet er at skjermane blir skrudde av ein time før leggjetid, eit råd professoren erkjenner kan vere vanskeleg å få til i praksis.

– Ikkje legg deg saman med mobilen. Det handlar om at ein skal assosiere senga med det å sove, seier Hysing.

LES OGSÅ: Nettprogram skal hjelpe folk med søvnproblem

Fleire råd
Foreldre kan hjelpe kvarandre ved å snakke om kor seint det er greitt at ungdommane sender kvarandre meldingar, føreslår ho.

Å unngå å sitte med lekser og lese til prøver seint på kvelden er eit anna råd.

Foreldre bør dessutan vere oppe lenger enn barna sine og sjå til at dei kjem seg i seng.

Dei vaksne bør også gå føre med eit godt eksempel, ved sjølv å legge bort mobilen og skru av TV og PC i god tid – og vise at dei prioriterer søvn, anbefaler Hysing. (©NPK)

LES OGSÅ: Ein vidaregåande skule i England startar kl 13.30!