Lite søvn + stress = dårleg hukommelse

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når du søv, flyttar hjernen minna dine frå korttidsminnet til langtidsminnet. Ein ny svensk studie viser at du kan hugsa godt etter berre ei halv natt med søvn. Men ikkje viss du i tillegg vert utsett for stress.

– Sjølv om éi natt med lite søvn kanskje ikkje påverkar hukommelsen, så kan han svikta om søvnmangel kombinerast med akutt stress, seier Christian Benedict ved det nevrovitenskapelige instituttet ved Uppsala universitet til forskning.no.

LES OGSÅ:Sov deg til eit betre image

Treng dei med søvnproblem tilpassa tiltak?
Saman med Jonathan Cedernaes har han utført studien, som no vert publisert i tidsskriftet Sleep. Dei to forskarane meiner at det bør takast grep for at fleire av oss skal få nok søvn.

– Tiltak for å hjelpa menneske med søvnproblem kan absolutt vera på sin plass, til dømes tiltak som seinare skulestart eller meir fleksibel arbeidstid, seier Benedict til nettavisa.

LES OGSÅ:Er du trøtt, skuld på genene

Enkle spel
Forskning.no skriv at dei to forskarane brukte enkle spel for å undersøkja hukommelsen etter søvn.

15 forsøkspersonar deltok i to økter. I den første økta studerte dei ein dataskjerm med 15 par frå ein kortstokk. Deretter fekk nokon av dei sova ei heil natt, medan resten sov ei halv natt. Morgonen etter skulle deltakarane forsøkje å finna igjen flest mogleg av para på dataskjermen.

Forskarane såg at dei som hadde sove ei halv natt i utgangspunktet gjorde det like godt som dei som hadde sove ei heil natt. Men ikkje viss dei vart stressa.

Testen vart nemleg gjenteke etter at deltakarane vart utsett for stress i 30 minutt. Dei måtte freista å hugsa ei mengd ord dei nettopp hadde lært seg, samstundes som dei vart utsett for forstyrrande bakgrunnslyd. Då synte dett seg at dei som hadde sove ei halv natt gjorde det 10 prosent dårlegare på testen. Hukommelsen til dei som hadde sove ei heil natt vart derimot ikkje påverka av stresset.