Matsvinn og zero waste


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I følgje «Framtiden i våre hender» vert det kasta 361 000 tonn mat årleg i Noreg. Dette svarar til klimagassutslepp frå 375 000 bilar. Denne mengda mat er nok til å mette 900 000 menneske.

Ny avtale

I juni i år underteikna regjeringa og den norske matbransjen ein avtale om å redusere matsvinnet i landet med 50% innan 2030.  I pressemeldinga frå regjeringa står det at nordmenn i gjennomsnitt kastar 42kg mat kvar, kvart år. Dette talet er så høgt som 68kg for ein person pr. år når ein reknar med heile matkjeda. Det er mykje mat!

Det er mange grunnar til at mat vert kasta. Noko går naturlegvis bort fordi vi skreller poteter og gulrøter og kaster skalet. Men problemet ligg i all den maten vi kastar som framleis er mogeleg å ete. Nokre gongar går mat i søppelet fordi produkta har gått forbi «best før» datoen, sjølv om produktet framleis er like bra. Nokre gongar kastar vi mat fordi vi har laga for mykje middag og ikkje et alt. Nokre gongar kaster vi mat fordi vi kjøper for mykje og ikkje rekk ete opp alt før det vert dårleg. Det kan virke som eit forsvinnande lite matsvinn frå gong til gong, men i løpet av eit år byggjer det seg opp til store mengder.

Matbutikkar har byrja å selje «rare grønsaker og frukt» billegare, og setje varer som snart går ut på dato ned i pris. Dette er gode tiltak. Saman med den nye avtalen mellom regjering og matbransjen må vi vere optimistiske til at vi klarar å senke matsvinnet drastisk. Det er likevel viktig at vi som forbrukarar er medvitne. 42 kg matsvinn per person vert ikkje endra om vi ikkje lager oss gode rutinar i kvardagen for å kaste mindre mat.

Matkastelov

«Framtiden i våre hender» ynskjer at det skal verta innført ein «matkastelov». Den skal mellom anna forby daglegvarebutikkar og matprodusentar å kaste eteleg mat, og at mat som ikkje kan seljast men framleis etast, skal gis bort til velgjerdsføremål. Dette er viktige tiltak, som burde verta eit resultat av den nye avtalen mellom regjeringa og matbransjen.

Too good to go

«Too good to go» er ein app som gjer at vi som forbrukar kan kjøpe billeg overskotsmat frå serveringsstadar som har matrestar att ved stengetid. Det er ein vinn-vinn-situasjon for både restauranten og forbrukaren. Dei opererer etter slagordet «mat høyrer heime i magen og ikkje i søpla». Slike tiltak treng vi fleire av!

Zero Waste

Zero waste er ein måte å leve på der ein kuttar søppelet sitt til det minimale (om ein ikkje fjernar søppelsporet sitt heilt). Nokre få eldsjeler lever etter denne filosofien kvar dag, men det er ikkje til å stikke under ein stol at dette er svært vanskeleg å følgje. Det er likevel verdt å ofre denne tankegongen merksemd. Det kostar ikkje mange kaloriar å kjøpe ein sitron eller to i lausvekt i staden for å putte den/dei i ein ekstra plastpose. Det er ikkje svært vanskeleg å lage ein matplan for den komande veka for å minske eiga matsvinn – det er jo attpåtil økonomisk!

Zero Waste-område.
Foto: Didriks/Flickr/CC-lisens.

Har ein lyst å prøve seg fram med søppelfri kvardag, finst det mange nettsider ein kan sjekke ut for inspirasjon og tips. Det norske bloggkollektivet Grøne Jenter har for eksempel gode tips og innsyn i zero waste-livsstilen.

Løysinga?

Det er svært viktig at både regjeringa og matbransjen tar ansvar og legg til rette for at vi som forbrukarar har mogelegheit til å gjere miljøvenlege og etiske val. Det er ein gunstig trend at det kjem tiltak som «Too good to go». Men forbrukaren har òg eit ansvar. Vi må bruke dei gode tiltaka som dukkar opp. Vi må vere medvitne når vi handlar matvarer slik at vi legg til rette for å senke matsvinnet. Problemet er identifisert – no er det berre opp til dei ulike partane å samarbeide for å kome i mål!