Søppel på menyen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så drøyt at eg nesten ikkje kan tru det. Me brukar så mykje ressursar på å produsere og importere denne maten, som går rett i søpla. Det er ingen som tener det, ikkje ein gong butikkane. Det er ein stor svikt i systemet, seier bergensstudent Thea Marie Kvam (21). Ho studerer miljø- og ressursfag på Universitetet.

I heile mars har ho og venninna Perolina Klanderud (24) levd som friganarar. Det vil seie at dei freistar å leva enkelt, redusera forbruket og presset på miljøet. I dette tilfellet ved å hente mat frå søppelkontainarar, såkalla dumpsterdiving.

LES OGSÅ: Finn maten sin i boset

Frå hobby til fulltid
Med prosjektet vil dei setje fokus på all maten som vert kasta. Det gjer dei via Facebook-gruppa På menyen: søppel. Der deler dei bilete av fangst og dumpsterlykke.

– Folk vert sjokkert og provosert over bileta me legg ut, fortel Thea, som sjølv er overraska over all den positive responsen dei har fått.

Begge hadde dumpsterdiva litt før, men i ein månad bestemte dei seg for å dra han litt lenger.

– Me visste at det var mykje matressursar som vert sløst vekk og var interessert i å sjekka om ein kunne leva utelukkande av mat som er kasta, forklarar Thea, som var rimeleg sikker på at det ville gå bra.

Det fekk ho rett i. Dei har ikkje handla mat sidan februar.

LES OGSÅ: Det naudsynte vondet

Gamal juice og mjølk
Me kastar om lag 360.000 tonn mat i året, ifølgje kommunikasjonsansvarleg i Matvett Anne Marie Schrøder. Dei har sidan 2010 arbeidd for å få ned matsvinnet både hjå forbrukarar, i matindustrien og i butikkjedene mellom anna gjennom nettportalen Matvett.no. Onsdag denne veka lanserte dei portalen Matsvinn.no, som rettar seg spesielt mot butikkjedene.

Forbrukarane står for klart mest av matsvinnet, men butikkane og industrien har òg ein veg å gå. Det vert kasta klart mest ferske bakevarer, følgt av frukt og grønt, som det som går nest mest til spille. At varen er utgått på dato er den vanlegaste grunnen til at både butikkar og privatpersonar kastar mat. 

Yngre forbrukarar kastar meir enn dei eldre, men desse jentene jamnar ut ubalansen. Eit par gongar i veka fer Thea Marie og Perolina ut på tokt etter butikkane er stengt. Dei veit kvar dei finn ting. På Kiwi er det mykje frukt og grønt, Thea spekulerer i om det kan ha samanheng med frukt og grønt-garantien deira.

Men dei har òg funne mjølk, Skyr, mozzarella, soltørka tomatar, yoghurt, kaviar, cottage cheese, Hapå og juice. For å nemne noko.

– Me drikk no på ein Tropicana-juice som gjekk ut andre mars, og den er fortsatt heilt fin, forsikrar Thea.

– Og me har drukke mjølk som er utgått med ei veke.

Det gjekk òg heilt fint.

Så lenge det luktar bra og har god konsistens kan det etast, men dei er litt forsiktige med kjøt. Det gjer ikkje Thea så mykje, for ho er vegetarianar.

LES OGSÅ: Lagar plastikk av bananskal

Saka fortset under biletet.


Det er ikkje mangel på mat i kjøleskåpet til jentene. Foto: Sofia Marie Hamnes/ Studentradioen i Bergen 

– Kan verte sjuke
Anne Marie Schrøder peikar på at me som forbrukarar er med å påverke svinnet i butikkane. Om me alltid tek den mjølka med best dato, må butikkane kasta meir.

– Om du berre skal heim å lage graut, er det jo ikkje så farleg om mjølka går ut snart.

På spørsmål om kva ho tykkjer om dumpsterdiving skil Schrøder mellom si personlege og profesjonelle meining, og gjev Framtida den profesjonelle:

– Eg verdset at dei set fokus på eit problem. Likevel er det gjerne slik at butikkane ikkje likar at folk rotar rundt i søppelet deira, òg fordi dei kan verte sjuke av varer som er utgått på dato og ikkje har vore oppbevart kaldt. Men dei som driv med dette har gjerne god kunnskap og veit kva dei driv med, seier Schrøder, som sjølv har snakka med fleire dumpsterdivarar.

Flinkare butikkar
Ifølgje ein eldre dumpsterdivar jentene møtte på ein gong dei var ute, er det fleire no enn før som finn maten sin i søpla.

Thea merkar òg ein auka bevissthet frå butikkane. At 3 for 2 tilbod vert droppa, at varer som er i ferd med å gå ut på dato vert selt til halv pris og at nokon gjev vekk maten, framfor å kaste han i boset.  Ein del har avtalar med Kirkens bymisjon, slik at dei gjev maten til dei trengande

Det tykkjer dumpsterdivaren er ei særs god løysing. Fleire kan ha glede av maten sjølv om datoen er gått ut.

– Om ein har gamalt brød kan ein jo gje det til bøndene, framfor å kaste det. Så kan dyra få det.

Men dei opplever ikkje berre positive haldningar til prosjektet. Nokre plassar har kontainarar vorte låst inn etter at dei har funne gode plassar.

– Det er fortvilande å vete at det er god mat, som berre ligg og råtnar, seier Thea, som medgjev at dumpsterdiving er litt i gråsona på kva som er lovleg og akseptert.

– Folk ser litt rart på deg.

Kjøpe havregryn
Kva dei kjem til å gjere etter månaden er omme, er ho ikkje heilt sikker på.

– Me kjem nok kanskje ikkje til å vere fullstendig friganarar, men me kjem nok til å fortsetje å dumpstre, seier studenten.  

Og det er ein ting ho har sakna i kontainarane.

– Av og til er det fint med litt havregryn.

Det er lite tørrvarer i avfallet frå butikkane, så havregryn og mjølk vert nok det første Thea kjøper i april.


Maten dei finn er absolutt etande. Foto: Sofia Marie Hamnes/ Studentradioen i Bergen