Her hamnar e-søppelet ditt


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I hovudstaden i Ghana, Accra, ligg bydelen Agbogbloshie. Agbogbloshie strekkjer seg langs lagunen Korle nokre få minutt frå den økonomiske kjerna i byen. Her bur om lag 30 000 menneske, hovudsakleg tilflyttarar frå den nordlege delen av landet. Då fleirtalet av desse flytta til Agbogbloshie i 1980-åra, var området ei våtmark med namnet Old Fadama.

Mot slutten av 1990-talet gjekk området gjennom ei stor endring. Då byrja vestlege land å sende donasjonar av brukt elektronikk til Ghana, med det idealistiske målet om å ta del i landets utviklingsprosjekt.

Med den raske omsetninga av teknologisk innovasjon var mykje av utstyret allereie utdatert då det kom fram. Mesteparten enda opp som e-søppel, og dette søppelet måtte dumpast ein stad. Slik vart Agbogbloshie til.

Dubie Toa-Kwapong er fødd og oppvaksen i Noreg, men ser noko som mange andre nordmenn ikkje ser. Foto: Privat

Verdas største søppeldyngje

I dag er Agbogbloshie verdas største søppeldyngje for elektronisk (EE)-avfall. I Vesten går folk flest ut ifrå at elektronikken dei kastar blir ordentleg resirkulert. Men dei fleste elektroniske apparat inneheld giftige stoff som er vanskelege å resirkulere.

Vi har enno ikkje utvikla berekraftige og billige metodar for gjenvinninga av desse. Som resultat har det blitt enkelt å rettferdiggjere «doneringa» av gamle maskiner til Vest-Afrika. Som sagt, «out of sight, out of mind».

Dei nord-ghanesiske borgarane i bydelen har ikkje hatt anna val enn å tilpasse seg det dystopiske landskapet heimstaden deira har blitt. Dei utgjer det fyrste nivået i det uformelle gjenvinningssystemet som er blitt utvikla som resultat.

Har levebrødet sitt frå metalla

Gutar og unge menn bryt og opnar opp apparata for å finne metalla inni dei, spesielt kopar og gull, som dei sel. Det som ikkje kan seljast eller brukast, brenn dei. Slik tener mange barn og unge i Agbogbloshie levebrødet sitt.

Men prisen for desse pengane er høg. Dei unge menneska jobbar med giftige kjemikalar og metall utan noka form for vern. Fleire slit med alvorlege helseproblem som respirasjonsvanskar, migrene, brannsår, og kreft.

Reiser ikkje tilbake

Trekt til estetikken av ein klimakatastrofe har mange vestlege forskarar, journalistar og fotografar funne vegen til Agbogbloshie dei siste åra. For å få dei lokale til å samarbeide, lovar dei besøkande å tilby økonomisk og andre typar støtte.

Desse forskarane, journalistane og fotografane vender heim med bilete, intervju, og i nokre tilfelle blodprøvar. Men dei fleste reiser ikkje tilbake til Agbogbloshie.

Vil fortelje si eiga historie

Nokre bebuarar i Agbogbloshie har lese artiklane og sett bileta som sirkulerer i vestleg media, og er svært misnøgde med måten dei vert framstilte. Dei har lyst å spele ei større rolle i å fortelje verda om heimstaden deira.

Ghanesisk-britiske, Heather Agyepong er ein visuell sosiolog som jobbar med dei unge mennene for å skrive den fullstendige historia om eit levande og komplisert samfunn med håpefulle og hardtarbeidande menneske som gjer det vanskelege og viktige resirkuleringsarbeidet ingen andre vil ta føre seg.

Sjølv om innbyggjarane i Agbogbloshie gjer det beste av situasjonen, er det rett og slett skummelt å tenkje på konsekvensane av dumpinga elektronisk avfall på menneske og miljø.

Nordmenn kasta mest

I 2014 kasta vi nordmenn mest EE-avfall i verda per innbyggjar. Det året var den totale mengda elektronisk avfall for verda 41,8 millionar tonn. Heile det afrikanske kontinentet hadde produsert berre 1,9 millionar tonn av dette. I følgje FN inneheldt avfallet rundt 300 tonn med gull.

Tydelegvis har innbyggjarane i Agbogbloshie den rette ideen med resirkuleringsarbeidet sitt. Over kommande år vil det vere viktig for ghanesiske forskarar å utvikle betre metodikk og utstyr for å støtte dei.