Regjeringa snur – fredar støtta til tiltak mot kasting av mat
Regjeringa har fått skarp kritikk for å kutta i pengestøtta til organisasjonen Matvett, som arbeider for å avgrensa matsvinn. No blir støtta vidareført likevel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg hadde i utgangspunktet ikkje fått med meg at Matvett var omfatta av støtteordningane som blei avvikla på landbruksområdet. På grunn av den sentrale rolla til Matvett blei eg difor einig med landbruksministeren om å finna ei løysing for dette sekretariatet. Vi vil sikra at Matvett får uendra løyvingsnivå også i komande budsjettperiode, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen til NTB.
Miljøministeren har tidlegare fått kritikk frå NHO og Virke, som viste til at han underteikna ein historisk avtale mot matsvinn med Matvett under tre veker før kuttet blei annonsert.
– Det er svært spesielt at ein vel å fjerna så mykje økonomisk støtte til det arbeidet nesten før blekket er tørt på dei avtalane som er inngått. Det er ein svært dårleg start på eit samarbeid, sa direktøren for NHO Mat og drikke, Petter Haas Brubakk til TV 2.
Helgesen strekar under at han framleis meiner at avtalen er svært viktig.
- LES OGSÅ: Unge kastar mest grønsaker
– Matvett har vore ein pioner i arbeidet for å redusera matsvinnet i Noreg, og svært viktig i den nye og omfattande bransjeavtalen mot matsvinn, seier han.
I statsbudsjettet for 2018 kutta regjeringa også pengestøtta til eit anna tiltak mot matsvinn, Matsentralen, som deler ut overskotsmat til fattige. Førebels er det ikkje planar om å vidareføra denne støtta.
- LES OGSÅ: Så mykje mat kastar du i året