Det naudsynte vondet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis leva utan plast?

Avokadoar og gulrøter kvilande i plastbeger, og i tillegg pakka i plast. Brokkoliar og agurkar kledd i plast. Tomatar, druer og blåbær. Plast, plast, plast. Butikkane sine grønsaksdiskar knitrar i plastemballasje.

Kvart år vert 150 000 tonn plastavfall generert i Noreg, ifølgje Store Norske Leksikon. 130 000 tonn av dette er emballasje og anna kortliva plastavfall. I 2004 vart 28 tonn av den totale avfallsmengda nytta om att som råstoff til nye produkt.

LES OGSÅ: På søppel-toppen i Noreg

Vil slutte med plast
– Ambisjonen var å ikkje kjøpe plast i det heile teke.

Ferenc Földesi (26) har nett avslutta handleturen på Grønlands Torg i Oslo. Han planlegg matlaginga si for ei veke i strekk, og handlar om lag alt han treng i grønsaksbutikken i Oslo sentrum ein gong i veka. Bak han strekkjer utvalet seg langs gata. Sjølv om nokre av varene er kledd i plastemballasje, kan ein plukke det meste i lausvekt.

Tyske Ferenc er utvekslingsstudent ved UiO, og har som ledd i eit studieprosjekt bestemt seg for å kutte ut plast. Målet er å leve meir miljøvenleg og å studere i kva grad enkeltpersonar kan påverke større system. Prosjektet kan til tider vere frustrerande.

– Eg fann fort ut at det ikkje er mogleg å unngå plast fullstendig. Til dømes er eg veganar, og då treng eg nokre produkt som eg berre finn i plastemballasje her. I tillegg brukar eg nokre plastposar om att, fortel han, og legg til at norske prisar har komplisert prosjektet noko.

– I Tyskland har eg råd til å ete organisk, men det har eg ikkje her.

– Er det noko du har slutta å kjøpe, fordi det er pakka i plast?

– Belgfrukter er vanskeleg å få tak i her når ein skal unngå plastemballasje. Og så Oreokjeks. Det måtte eg slutte med, smiler han.

Då han bestemte seg for å slutte med plast, måtte han tenkje gjennom kva ting han eigentleg trong.

– Vi tek så mange ting for gjeve, meiner studenten.

LES OGSÅ: Det er ikkje dyr alt som kan grillast

Meiner plast er fantastisk
– Plastemballasje har eit ufortent dårleg rykte.

Det meiner Yngve Krokann. Han er undervisningsleiar i næringslivet sin interesseorganisasjon i emballasjespørsmål, Den norske emballasjeforening.

– Det er ingen som bruker ekstra emballasje utan grunn. Plasten skal ha ein funksjon, seier han.

Emballasje har hovudsakleg eit teknisk og eit kommunikativt føremål, ifølgje Krokann. Den gjer lagring og transport mogleg, og den skal informere om og selje vara.

Auka i bruk av plastemballasje kring matvarer har skjedd gradvis, i kombinasjon med auka kunnskap og betre teknologi. Men utviklinga er ikkje dårleg for miljøet, ifølgje Krokann. Heller tvert om.

– Den totale miljøgevinsten er positiv, fordi meir plast gir mindre matsvinn. Og å kaste mat er mykje verre enn å kaste plast, seier Krokann og utdjupar med eit kilo tomatar som døme:

– Produksjonen av tomatane står for 90 prosent av miljøbelastninga. Emballasjen står for ti prosent. Dermed er dei ei mykje større belastning for miljøet totalt sett å kaste to hundre gram tomatar fordi dei er rotne, enn å kaste emballasjen, seier Krokann.

Kvart år kastar vi over femti kilo mat per kapita, men plasten er med å redusere den mengda.

– Vi har sett at riktig emballasje i nokre tilfelle kan redusere matsvinnet med opp til 25 prosent. Då kan ein ikkje snakke om overforbruk av emballasje, meiner undervisningsleiaren.

– Næringsmidlane treng vern, og plast er eit fantastisk materiale for dette. Når folk seier at dei vil ha miljøvenleg emballasje i staden for plast, har dei snudd det fullstendig på hovudet.

LES OGSÅ: Tre av fem trur på kjeldesortering

Plast kan vere bra
Sivilagronom Hanne Møller er seniorforskar ved Østfoldforskning. Ho stadfestar at bruken av plastemballasje har auka.

– Dei siste åra har ein del varer som ein tradisjonelt pakka i andre typar materiale, blitt pakka i plast. Før brukte ein til dømes glas til både syltetøy og brus, medan ein i dag i stor grad brukar plast.

Ho er også einig i at miljøgevinsten ofte er positiv.

– Sjølv om ein kan irritere seg over mykje emballasje, aukar den haldbarheita veldig. Særleg når det gjeld frukt og grønt, som framleis lever, er krava til emballasjen høge.

– Men er det verkeleg naudsynt å til dømes leggje avokadoar i plastbeger og i tillegg pakke dei i plast?

– Modne avokadoar, som toler svært lite, er pakka slik. Miljøbelastninga av at dei går tapt, er større enn skaden frå emballasjen. Det same gjeld andre følsame produkt, som bær. Ei ulempe er til dømes dersom ein tomat i eit plastbeger er ròten, og dei andre rotnar av det.

Ho knyter miljøgevinsten til særskilte høve i Norge.

– Vi bur i eit langstrakt land, med spreidd folkesetnad. Maten må halde i meir enn to til tre dagar. I Sør-Europa, der marknaden er større og befolkninga meir konsentrert, kan ein kanskje få nye varer oftare. Men her nord er haldbarheita eit så viktig tema at plastemballasje er naudsynt, meiner Møller.

LES OGSÅ: Lagar plastikk av bananskal

Vil påverke til ansvarlege val
Spørsmålet om plastemballasje er altså tosidig. Studenten Ferenc meiner dette illustrerer kor mykje det kan krevje å freiste å vere miljøvenleg.

– Det er eit veldig godt poeng, som syner at det er viktig å setje seg inn i detaljane og tenke gjennom kva ein gjer. Samstundes er det eit perspektiv som er forbruksorientert, seier han.

– I media vert ein ofte presentert med problem i eit nøtteskal, som om plast er bra eller dårleg. Sjølv om plastemballasje kan ha nokre føremoner, er denne plastposen også ein del av reknestykket, og den er ikkje bra for miljøet, seier Ferenc.

Sjølv om han håpar at hans val om å bruke minst mogleg plast kan inspirere, er det siste han vil å presse sine løysingar på andre.

– Eg hatar det verkeleg når folk prøver overtyde deg om at deira tolking er riktig. I staden tykkjer eg dialog og openheit for ulike innspel er viktig, seier han.