Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har faktisk ete sushi frå dumpsteren. Då blei eg litt dårleg, men det er den einaste gongen, ler Trine Duesund Urne.

Musikaren og sjukepleiaren frå Fagernes i Valdres byrja med dumpster diving då ho kom til Voss for eit par år tilbake. Der møtte ho Helle Karlsdottir frå Frei i Kristiansund, som hadde drive med det då ho utdanna seg til lærar i Bergen. Saman danna dei Dumpster Divas, som på grunn av namnet sitt får rikeleg med høve til å fortelja folk om dumpster diving: å henta matvarer som har blitt kasta av butikkane.

Etter at dei har spelt ein lovprisa konsert i ei fullstappa løe i Bakketunet på Bjørke under Indiefjord, får me ein prat med duoen om den litt på kanten, småskitne, men svært billige og miljømedvitne matsankingsmetoden.

Trine: – Det er veldig mange som gjer det på Voss. Det er ein veldig fin ting for å protestera mot forbrukssamfunnet og det at me kastar fullt brukande mat.

Døme frå Trines «dumpster catch» 20. juli: Ei tomat var dårleg, så alle blei kasta. Foto: Privat

Helle: – Det er om å gjera å ha mest mogleg utval til kundane, og mykje av den maten kjem ikkje i butikken ein gong før det blir kasta. Du ser jo kor mykje kjøt det er.

T: – Kvifor skal me produsera så veldig mykje kjøt når det berre går i boset, og det i tillegg lagar mykje forureining?

Duoen fortel at ein kan finna nesten kva som helst av matvarer i konteineren, avhengig av dag og sesong, inkludert store mengder etande kjøt. Etter påska i fjor fann dei ein konteinar som nesten var full av påskekylling frå Stange.

T: – Den var ikkje gått ut på dato, den var framleis gjennomfrosen, og den var mest sannsynleg kasta fordi det stod «påske» på den. Då googlar me sjølvsagt for å sjekka at det ikkje står noko om «ebola-funn på Stange gard», for av og til kastar ein store parti fordi det er dårleg. Men den var heilt fin, og me åt kylling fram til jul.

Du får ikkje bot, berre gratis mat

Kan ein driva med dumpster diving kor som helst?

H: – Ja, me prøvde då me var på turné opp til Nord-Noreg. Det er jo berre å stoppa og sjekka. Ofte på litt avsidesliggjande stader så finn du skattar. Men når det er veldig lite og lokalt, så blir du fort lagt merke til. Du har nokon nabokoner som alltid står og ser på.

T: – Men dei aller fleste synest det er morosamt, og så blir dei sånn «Hæ, kastar me så mykje mat?»

Ytterste bladet på kålen var dårleg, heile kålen blei kasta. Foto: Privat

Stort sett er folk positive og interesserte når dei får høyra om dumpster diving, fortel Helle og Trine. Men det er ein ting mange lurer på:

Er det ulovleg?

H: – Det er vel ei gråsone. Det er jo på nokon andre sin eigedom, du går i andre si søppelkasse.

T: – Når vektarane kjem, må du gå bort. Men du kan koma tilbake igjen, og du blir ikkje sett i fengsel. Du får heller ikkje bot. Du får berre gratis mat.

H: – Men når dei låser containerane, har du absolutt ikkje lov til å klippa dei opp.

T: – Det er jo noko du må finna ut: Kven er det som har opne bosspann?

Det er greitt å ha med seg ei hovudlykt

Kva anna bør eg tenkja på om eg vil byrja å dumpstra?

H: – Når butikken stenger.

T: – Viss det er nærbutikken din, så kan du (viss du skal gå aktivt inn for det) berre spørja om når dei kastar ting, og så er dei ofte hyggjelege og berre seier det. Dei har ofte faste rydde- og kastedagar, gjerne tysdag og fredag eller laurdag, men det er forskjellig frå stad til stad,

H: – Spør dei, viss du er så frampå. Men viss du tenkjer at dei sikkert berre kjem til å kasta deg ut, så ventar du til butikken har stengt, og så går du og sjekkar.

Divaene har fleire praktiske tips:

T: – Det er greitt å ha med seg ei hovudlykt, for du treng ofte hendene dine. Og så er det greitt å ha på ei jakke som du ikkje bryr deg om, for ofte må du fysisk hoppa og liggja litt nedi der for å finna det som ligg på botnen.

Bananane har brune flekker, men smakar like godt. Og salaten var det ikkje noko i vegen med i det heile. Foto: Privat

H: – Som regel finn du veldig mykje av éin ting, så du klarer aldri å ta med deg alt.

T: – Dei første gongane var det sånn «herregud, så mykje det er, me må ta med alt», og så endar det berre med at du kastar det igjen.

H: – Når du kjem heim, så er det ein ganske stor prosess med å vaska det reint, for du vil ikkje berre putta det rett i deg.

Sidan ein ofte finn mykje av éi vare i ein konteinar, tilrår Trine og Helle å gå saman med fleire og dela på «byttet» frå ulike butikkar.

Alle har jo eit ansvar for seg sjølv

Kor mykje ansvar har eigentleg kvar enkelt av oss for miljøet?

H: – Eg meiner at me har ganske mykje ansvar. Veldig mange tenkjer at «jaja, det gjer jo ingenting, eg kjem ikkje til å vera her uansett». Men då har du ikkje så mykje tanke for dei som kjem etter deg.

T: – Alle har jo eit ansvar for seg sjølv. Marknaden er tilbod og etterspurnad; viss ikkje me hadde etterspurt å fly overalt, hadde dei redusert talet på flygingar verda over. Difor går det på den enkelte personen til slutt.

H: – Det var mitt forsett i år, å ikkje fly. Det har gått bra hittil.

T: – Eg har flydd ein gong, då hadde eg ikkje flydd på to år. Då var det nesten litt skummelt å setja seg i flyet igjen.

Ifølgje duoen sjølv handlar 70 prosent av låtane deira om kjærleik, medan resten handlar om tema som menneskerettar og miljø. Dumpster diving er berre éin av eit større engasjement for jorda og livsvilkåra våre; songen «Mother Will Survive» handlar om at jorda kjem til å klara seg sjølv om menneska utslettar både seg sjølve og andre artar. Dette temaet kjem dei også inn på fleire gonger i løpet av intervjuet.

– Det er lett å bli demotivert når ein tenkjer slik?

H: – Ja, absolutt. Det er difor me skriv. Når me kjem ned sånn, så får me masse inspirasjon. Då kjem songane, og så syng me om det. Og då kjem motivasjonen tilbake.