Framtida
Publisert
Oppdatert 16.10.2017 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykopatar har lenge vorte funne fascinerande. Namna på berømte psykopatar, som Jeffrey Dahmer og Ted Bundy, framkallar ein sjukleg nyfikne. Brotsverka desse mennene har utført er så vondskapsfulle og så ufatteleg grusame at det er umogleg å førestille seg korleis nokon kunne gjere noko slikt. De avskårne hovuda halde som minnesmerke i bustaden til Bundy eller dei delvis oppetne kroppsdelane som ligg i kjøleskapet til Dahmer er resultatet av uforklarlege personlegdomar. Så det gjev meining å seie at psykopaten ofte blir skildra som kaldblodig, fryktlaus og mest av alt som eit rovdyr som ikkje er i stand til menneskelege kjensler. Meir og meir forsking tyder på at dette ikkje er heilt rett.

Det er no klare bevis på at psykopatar faktisk kan oppleva kjensler – men berre under dei rette vilkåra. Og dei kan syne normale kjenslemessige respons – når kjensla er ein del av målet deira, eller når dei er invitert til å svare på perseptuelle enkle grunnformer eller enkeltobjekt. Likevel er reaksjonane deira på same stimuli mangelfulle når merksemda deira er fokusert på eit alternativt mål eller i ein samansett situasjon. Dette betyr at medan psykopatar er i stand til å oppleva, og syne kjensler i, nokre situasjonar, er det som forvirrar dei kompleksitet.

Eit av hovudtrekka i psykopatar er korleis dei ikkje har noko erfaring med det å angre seg. Saman med hjerneforskaren Joshua Buckholtz ved Harvard University spurte vi deltakarane i ei studie om å velje mellom to hjul som hadde ulik sjanse for å vinne eller tape pengar. I denne oppgåva kan to former for angring målast: retrospektiv angring, som er den kjenslemessige opplevinga du har etter å ha lært at du kunne ha gjort det betre om du hadde valt annleis, og potensiell angring, som er når du vurderar potensielle utfall for kvart alternativ og tenkjer over kva avgjerder du vil angre på slik at du kan ta betre avgjerder i framtida. Psykopatar rapporterte å angre seg når dei såg kor mykje dei hadde vunne eller kunne ha vunne på spelet. Dei kunne likevel ikkje bruke informasjonen om dei vala dei hadde fått til å føresjå kor mykje angring dei kunne oppleva i framtida, og justere avgjerdsprosessen i samsvar med dette. Dei har eit underskot i framtidig angring, ikkje attendevendande angring.

Denne spesielle dysfunksjonen er tydeleg i studien vår da ein deltakar vart konfrontert med brotsverka sine, mellom anna tjuveri, angrep, narkotika og mord. Denne psykopaten sa at han har “dårlege kjensler om det som hende”. Han meinte at brotsverka han hadde gjort seg skuldig innverknad på han, ikkje berre offeret, og at mange andre var skuldig i at han var fengsla, til dømes individet som hadde “tysta” på han, den “grusame” offentlege forsvararen som var ein “dårleg planleggjar” og sjølve rettsaka som var “rigga. Då han vart spurd om framtida si var han sjølvsikker og nonchalant da han kom med klare mål, til dømes å starte opp ei eiga verksemd som ein datingapp-utviklar, og “å ha ingen problem”. I desse fråsegnene synte han eit augeblikk med angring, men den manglande evna til å sjå dei framtidige konsekvensane av åtferda hans for offeret, familien til offeret og for seg sjølv antyda at denne augeblinken ikkje var knytta til tankane han ville få i framtida.

I ei anna studie, gjennomført med innsatte ved eit høgtryggleiksfengsel, fokuserte vi på den påståtte mangelen på redsle hjå psykopatar. Vi brukte ei oppgåve der bokstaven ‘n’ (enten stor eller liten) og ein farga boks (enten raud eller grøn) dukka opp på skjermen. Ein raud boks innebar at innsette kunne få eit elektrisk støt, og ein grøn boks var trygg. Nokre gonger måtte innsette fortelje oss fargen på boksen (så fokusere på trugsmålet); i andre måtte dei fortelje oss om bokstaven hadde stor eller liten bokstav (med fokus på ikke-trugsmålet), medan boksen framleis var synleg. Psykopatar opplevde typisk redsleresponsar (indikert av eit sjokk og amygdalaaktivitet) då dei måtte fokusere på boksen (dvs. trugsmålet). Dei synte langt mindre redsle når dei måtte fortelje oss om bokstaven hadde stor eller liten bokstav (så då boksen var sekundær til primærmålet deira). Nok ein gong var det ikkje slik at psykopatar ikkje var i stand til å oppleva kjensler, men heller at dei hadde mindre kjenslemessig respons enn ikkje-psykopatar då dei var fokusert på noko anna (då kjensler ikkje var ein del av primærmålet deira).

Psykopatar kan bruke informasjon som er direkte relevant for målet sitt. Psykopatar er til dømes gode til å regulere åtferd og bruke kjensler til å lura nokon, som når ein deltakar i fengselsstudien vår sa at han let som om han hadde kjensler av kjærleik og omhug for å sjarmer og manipulere dei romantiske partnarane sine til å gje dei gratis bustad, pengar og sex. Men når informasjonen er utanfor det augeblikkelege fokuset på merksemd, er psykopatar mindre i stand til å bruke det til å fungere, til dømes når dei sluttar i ein jobb utan å ha ein annen, trass i at dei treng arbeid for prøvetid når dei er ute av fengsel, eller når dei søkar publisitet for eit lovbrot medan politiet leitar etter dei, trass i den openberre konsekvensa av denne handlinga.

Å vere i eit rom med ein psykopat kan følast som at veggene lukkar seg om deg, men samstundes kan du nyte tida di med denne personen. Grandiositeten, sjarmen og kontrollen psykopaten ser ut til å ha gjev deg kjensla av å bli overvelda og usikker. Disse eigenskapane, og mangelen på ekte kjensler, bidreg til trua på at desse individa er skurkar og bør skiljast frå resten av samfunnet. Men dette blir feil. Årsaka til at psykopatar er eit problem er ikkje fordi de ikke har kjensler, men fordi de har problem med å handsame informasjon effektivt. Dei er ikkje kaldblodige; dei er berre fælslege til å gjere fleire ting på ein gong. Så vi må tenkje på korleis vi skal ta opp dette til ein psykopat for å hjelpe dei med å leggje merke til meir informasjon i miljøet dei ferdar i og utnytte dei kjenslemessige opplevingane dei har.

Nokre av dei siste tinga vi har gjort har fokusert på korleis du kan endre sinnet til ein psykopat. I 2015 utvikla vi, saman med John Curtin og Joseph Newman ved University of Wisconsin-Madison, ei datastyrt opplæringspakke med sikte på å hjelpe psykopatar ta opp informasjon utanfor dei direkte måla sine. I seks veker, i ein time i veka, spela deltakarane spel som handla om å lære å integrere kjenslemessig og ikke-kjenslemessig informasjon med sine klare mål. På slutten av denne treninga synte psykopatar betring i dette, noko som tyder på at det er mogleg å identifisere og målrette dei kognitiv-kjenslemessige dysfunksjonane av psykopati, og at nevrale- og åtferdsmønster kan endrast sjølv for dei som kan vere blant dei aller mest trassige av folk.

 

Denne artikkelen er henta frå Aeon.co. og er publisert med CC BY-ND 4.0-lisens. Omsett til nynorsk frå engelsk av Arnt Olav Foseide.
Aeon counter – do not remove

Arielle Baskin-Summers er ein klinisk psykolog og assisterande professor i psykologi og psykiatri ved Yale University. Arbeidet hennar har vorte publisert i Neuron, Proceedings of the National Academy of Sciences, og Biological Psychology. Hun bur i New Haven i staten Connecticut i USA.