Ved ni ungdoms- og vidaregåandeskular i Oslo kjem psykologar til skulane. Slik får dei tidleg kontakt med elevar som slit.

mm

Tunge saker der ungdommar hadde utvikla kompliserte psykiske problem før dei vart fanga opp av systemet, tvinga BUP Vest til å tenkje nytt. Dei valde å starte på den andre sida – med Skuleprosjektet.

Slik fangar dei opp inntil til fire gonger så mange ungdommar som treng hjelp.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor

Råd til helseministeren
Kaia Gran Urdahl (19) og Fredrik Haraldstad (17) meiner at alle ungdoms- og vidaregåande skular i Noreg bør ha tilgang på ein skulepsykolog.

Torsdag fortalte dei helseminister Bent Høie om sine erfaringar med psykologar som kjem inn på skular og slik gjer seg meir tilgjengelege for elevane.

– Ikkje alle får den hjelpa dei treng. Unge treng eit slikt førebyggjande tiltak. For deg betyr det færre sjukemeldte og uføre. For eleven betyr det at dei kjem seg på skulen og vert sett, sa Kaia i sitt innlegg til statsråden.

Den tidlegare elevrådsformannen ved Ullern vidaregåande skule opplevde for eitt år sida å verte totalt utslått av kyssesjuka. Fordi ho hadde mykje fråvær fekk ho tilbod om å snakka med skulepsykologen.

LES OGSÅ: Her bryt nesten alle lova

– Psykisk krevjande
Kaia meiner det framleis er nokre tabu knytt til det å snakka med ein psykolog. Hennar første tanke var at det var litt skummelt og framand.

– Men han er jo veldig hyggelig og eg trong ikkje mange timar. Eg var ikkje psykisk sjuk, men eg gjekk frå å klare alt, til å ikkje orke noko. Det var psykisk krevjande, fortel Kaia, som gjekk ut av vidaregåande denne våren.

Ho opplevde det difor som godt at ein fagperson fortalde ho at det er greitt å vere sliten.

– Det er lett å seie at ein har det fint, sjølv om det kanskje ikkje er realiteten, avsluttar den tidlegare eleven.

LES OGSÅ: Psykisk sjuke får medisin – ikkje oppfølging

Bekymra lærarar
Sidan 2010 har Diakonhjemmet Sykehus ved Barne-  og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) Vest, saman med mellom anna skulehelsetenesta, PPT og barnevernet, drive forsøket med ein psykolog tilstades på fleire skular ein dag i veka.

Det byrja med ungdomsskulane Uranienborg og Ruseløkka, men er no utvida til fem ungdomsskular og fire vidaregåande skular i bydelane Ullern og Frogner i Oslo.

I dag har 4200 elevar i 150 klassar tilgang på ordninga.

Psykologen jobbar tett med skulens ressursteam, som består av rektor, sosiallærar, rådgjevar, skulehelsetenesta og PPT.

Ordninga gjer vegen kortare for lærarar, som er uroa for ein elev.

Tidlegare rektor ved Ruseløkka skule, Lars Åge Hjelseth, kan fortelje om fleire bekymringsmeldingar enn tidlegare og om lærarar som er frustrerte fordi elevane ikkje får den hjelpa dei treng.

Dette vert underbygd av rapporten «Psykisk helse i skolen», der 80 prosent av lærarane fortel at dei har hatt elevar med psykiske vanskar dei siste tre åra.

LES OGSÅ: Mange osloungdommar slit psykisk


Helseminister Bent Høie (H) møtte mellom anna sjukehusdirektør ved Diakonhjemmet Anders Mohn Frafjord for å høyre om deira ungdomssatsing.

Kjenner presset
Fredrik er elevrådsrepresentant ved Ullern vidaregåande og peikar på at ein allereie i ungdomsskulen kjem inn i ein ny fase i livet der ein mellom anna må ta stilling til karakterar, seksualitet og nye vener.

På vidaregåande tek ein viktige val som pregar resten av livet, og her meiner Kaia at skulepsykologane har ei ekstra viktig rolle.

– Det er ein ny kvardag og ein opplever mykje press frå ulike hold, seier Kaia.

Denne problemstillinga kjenner Fredrik godt frå elevrådsmøta. Han fortel at mange slit med presset om å vere perfekt.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Kortar ned vegen
Når psykologen er ute i skulen ein dag i veka vert ventetida for ein samtale i snitt på i overkant av to dagar.

Ofte kan den aktuelle eleven få snakke med psykolog same dag, gjerne saman med ein representant for skulen for å ufarleggjere situasjonen.

Deretter kan eleven få oppfølging av psykologen kvar veke anten til ein ser betring, eller til andre spesialistar tek over.

Målet er at tidleg identifisering og intervensjon skal hindra at dei unge vert sjukehuspasientar med kompliserte psykiske problem, som psykosar.

LES OGSÅ: Lærer unge om psykisk helse

Pengeknipa
Prosjektet har midlar fram til jul, men opplever at dei står i spagaten, fordi systemet ikkje jobbar på same måte som dei. For å få refusjon for psykologbehandling må ein nemleg ha henvisning frå fastlege.  Dette kan løysast dersom dei vert omdefinert som spesialisthelseteneste, som ikkje treng henvisning frå fastlege for å få refusjon.

– Det er tvilsamt at me kan fortsette å prioritere dette utan vidare prosjektmidlar, seier Kari Tenmann i BUP Vest.

Helseminister Høie ynskjer innspel om korleis systemet kan betrast velkommen.

– Psykiske helseutfordringar er på mange måtar ein ungdomssjukdom fordi mange utviklar det i ungdommen, difor er det viktig med tidleg førebygging, erkjenner Høie, som skryt av prosjektet.

Ministeren meiner at stat og kommune må samarbeide om å finne løysingar og leggje til rette for slikt arbeid. Samstundes peikar Høie på arbeidet med neste års Omsorgsplan som ein god moglegheit til å sjå på korleis systemet kan gjere slike tiltak til regelen heller enn unnataket.

LES OGSÅ: Erna vil satse meir på førebygging

Når fire gonger fleire
Prosjektleiar Jonas Paulsen meiner at skulepsykologar absolutt er vegen å gå, fordi ungdom ikkje oppsøkjer fastlegen sin.

I same periode som han behandla 25-30 pasientar gjennom henvisning til BUP, har han møtt over 108 elevar med utfordringar ute i den skulen. Av desse hadde 90 prosent behov for hjelp. Av dei som trong hjelp hadde berre ein av ti vore i kontakt med BUP tidlegare.

Dei som tek kontakt med fastlegen og får henvisning vidare er gjerne dei med ressurssterke familiar.

– Eg får altså fanga opp fire gonger så mange med same stillingsbrøk. Det er svært kostnadssparande, understrekar psykologen, som er plassert ute i den vidaregåande skulen.

– Det er ikkje alvorlegheitsgraden som avgjer om ein får hjelp. Eg har inntrykk av at det er tilfeldigheitene som rår, seier hans kollega Thomas Hugh Peel, pilotprosjektleiar som arbeider i felten i ungdomsskulen.

LES OGSÅ: Psjukt engasjert

Den tøffe overgangen
Ei utsett gruppe som etter kvart har nytt godt av prosjektet er unge vaksne i alderen 17-18 år, som er på veg frå barne- og ungdomspsykiatrien til vaksenpsykiatrien.

For desse ungdommane kan ventetida på opptil tre månadar vere veldig lang. Etter at vidaregåande skular og vaksenpsykiatrien vart med i prosjektet har overgangen vorte kortare og enklare.

I tillegg er spesialistar på rusproblematikk involvert. Dei fokuserer særleg på unge vaksne i alderen 17-23 år.

– Eit generelt problem innan rusfeltet er at ein kjem for seint inn. Ungdom under 23 år oppsøkjer ikkje hjelp og droppar oftare ut enn dei eldre. Då kan ein velje å sei at det er noko gale med dei unge, eller ein kan sjå på tilbodet. Me plar seie at me må ut for å hjelpe dei unge, seier Kim Edgar Karlsen, leiar for tverrfagleg rusbehandling ved Diakonhjemmet Sykehus.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE