Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kunne ikkje ha stemt på ein dårleg språkpolitikk

– Det er slitsamt at folk føler dei har rett til å pirka på det som er ein del av identiteten din. Det er ikkje nødvendigvis vondt, men det er irriterande, seier Frida Pernille Mikkelsen.

Førstegongsveljaren meldte seg inn i Norsk Målungdom då ho gjekk på vidaregåande skule i Førde, fordi dei hadde pizza på årsmøtet og «det var noko alle dreiv med».

Engasjementet fekk likevel ein spesiell boost då ho flytta til Oslo for å studera offentleg administrasjon og leiing ved universitetet, og nynorsken blei noko ho måtte forsvara seg for.

– På universitetet må ein kjempa for å få rettane sine oppfylt. Og når ein snakkar med vener eller prøver å bli kjent med folk, og ein nemner nynorsk, så blir det liksom alltid ein diskusjon. Det gjer at ein må vega orda sine litt: Er i dag den dagen der eg vil ta denne diskusjonen?, seier 20-åringen, som i dag sit i sentralstyret i Målungdomen – noko ho ikkje alltid orkar å nemna for folk.

Ho legg til:

– Men det er bra når ein gjer det, for ofte fører diskusjonen til at folk får opna auga sine litt.

Lukar ut parti

Når Framtida.no møter henne, har Mikkelsen enno ikkje røysta, men ho er «ganske sikker» på kva parti som skal få den første røysta hennar.

– Kor viktig er nynorsken når du vel parti?

– Det er ein viktig del av vurderinga. Eg kunne ikkje ha stemt på nokon som har ein dårleg språkpolitikk. Det er liksom det første steget for å luka ut dei eg ikkje vil ha, seier Mikkelsen, som trur at særleg betre sidemålsundervisning med tidlegare start kunne ha skapt betre haldningar til nynorsken.

Det same trur Øystein A. Vangsnes, som er professor ved Institutt for språk og kultur ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Han har også skrive boka Språkleg toleranse i Noreg Norge, for faen!, og trur vegen til auka toleranse startar med å formidla kunnskap.

Øystein A. Vangsnes meiner det går rette vegen med den språklege toleransen. – Berre på få år har det blitt mindre skitkasting, seier han. Foto: Lars Nes

– Mange elevar i bokmålsområde ser ikkje poenget med å læra nynorsk, og det skjer ei nedarving av fordomar. Det er noko av det viktigaste å få bukt med, seier Vangsnes, som meiner at det å læra både nynorsk og bokmål har fordelar uavhengig av kva språk ein vel å bruka seinare.

– Å trena på to variantar av språket er bra for den generelle språkforståinga. Det er også noko som er i ferd med å siga inn – kanskje.

Språkleg identitet

Både Vangsnes og Mikkelsen seier seg samde i at engasjementet i språkdebatten ofte er knytt til identitet.

– Det var veldig tydeleg i fjor i debatten om Vestlandsregionen. Då var det eit sterkt engasjement for nynorsk som språk, også frå folk som ikkje er med i målrørsla, og ein såg at det er viktig for identiteten i dei nynorske kjerneområda, seier Vangsnes.

Forskaren forklarer at språket særleg blir viktig som kulturuttrykk for dei som høyrer til eit språkleg mindretal, for å markera ein forskjell frå fleirtalet. Samstundes meiner Vangsnes at noko av verdien av nynorsken ligg i det han fortel om identiteten til Noreg som nasjon.

– Nynorsken er med på å synleggjera at Noreg er større enn det sentrale austlandet. Det tvingar på ein måte elevane til å ta eit større perspektiv. Det er ikkje så mange andre land der ein har det perspektivet koda inn i språket, seier Vangsnes.

Førstegongsveljar Mikkelsen fortel på si side at ho har blitt meir og meir medviten om korleis nynorsken dannar ein del av identiteten hennar med tida.

– Eg har fått kjensla av at når eg skriv bokmål, så kjem det ikkje heilt frå meg sjølv. Det er ein stor del av identiteten å kunna ytra seg som seg sjølv, seier ho.