Nynorsk som hjernetrim

Øystein A. Vangsnes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den internasjonale tospråksforskinga har avdekka ei rekkje utviklingsmessige fordelar ved det å veksa opp med to språk frå tidleg alder. Her er nokre viktige funn.

1) Tospråklege born utviklar tidlegare metaspråkleg kompetanse enn einspråklege og er betre i stand til å læra seg andre språk seinare. Dette viser seg blant anna ved at tospråklege born tidlegare kan skilja mellom form og innhald i einskildord og setningar.

2) Tospråklege born utviklar evne til mentalisering (‘Theory of Mind’) i snitt eitt år tidlegare enn einspråklege. Dette er evna til å forstå at andre menneske sit på annan kunnskap enn ein sjølv.

3) Tospråklege born utviklar såkalla utøvande kontroll (‘executive control’) tidlegare og betre enn einspråklege. Dette er evna til å planleggja, setja i gang og avslutta handlingar og til å styra merksemd, og den spelar ei særs viktig rolle for mellom anna akademisk læring.

Språklæring er kognitiv trening

Desse fordelane meiner ein følgjer av den kognitive treninga det gir å veksa opp med to forskjellige språk. Fleire av fordelane viser seg tidleg, allereie i førskulealder, men det er også haldepunkt for at tidleg andrespråkslæring gir nokre av dei same fortrinna. Og det er også haldepunkt for at skriftspråkstrening aukar effekten av tospråksfordelane.

Slike utviklingsmessige fortrinn spelar over på læring generelt, og tospråklege har såleis betre føresetnader for å oppnå gode skuleresultat – i alle fag – enn einspråklege. Og statistiske undersøkingar frå land som t.d. Canada tyder på at tospråklege nettopp gjer det noko betre på skulen enn einspråklege.

Overføringsverdien til den norske språkkløyvde situasjonen

Målfolk og andre forkjemparar for nynorsk er snare med å ta slike forskingsresultat til inntekt for verdien av opplæring i både nynorsk og bokmål. Motstandarar av sidemål og nynorsk allment er like snare med å avvisa det og poengterer at nynorsk og bokmål er skriftlege variantar av det same språket, og at resultata frå tospråksforskinga difor ikkje har nokon overføringsverdi.

Sanninga er at vi ikkje veit om det er nokon overføringsverdi. Det har ikkje vore gjort noko for å finna ut av det. Men det er muleg å finna ut av det. Og vi bør gjera det. For viss det er slik at stimulering av born på begge variantar av norsk gir dei utviklingsmessige goder, ja då er det all grunn til å gi slik variert norskspråkleg stimulering!

Og det er ein del haldepunkt for å tru at den norske tospråksituasjonen kan gi nokre av dei same fordelane som den internasjonale tospråkslitteraturen fortel om. Vi  veit mellom anna at så nærskylde språk som katalansk og kastiljansk-spansk gir nett dei same gunstige utviklingsfordelane som andre språkpar der skilnadene er større. Kor liten avstanden mellom katalansk og kastiljansk-spansk er, kan diskuterast, men vi snakkar i alle fall om to grannespråk med dialektar der overgangen er flytande, altså slik tilfellet er for dei skandinaviske språka.

Når det gjeld betre utvikling av metaspråkleg medvit, er det all grunn til å tru at språkstimulering på både nynorsk og bokmål bidreg til betre forståing av at språklege uttrykk kan ta ulik form. Internasjonale undersøkingar viser dessutan at personar som er vande med språkleg variasjon, jamt over er betre til å kjenna att skylde ord (‘arveord, kognatar‘) frå andre språk enn dei som berre meistrar standardspråket i landet sitt.

Paradokset Sogn og Fjordane
Men den potensielt sterkaste indikasjonen på at den norske tospråksituasjonen gir fordelar, knyter seg til noko dei færraste ville tru: Dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane. Sidan nasjonale prøvar i norsk, engelsk og matematikk vart innført i 2006, har dette fylket lege på toppen av resultatlista saman med Oslo og Akershus. Det oppsiktsvekkande med dette er at utdannings- og inntektsnivået i Sogn og Fjordane er lågt, og vidare er fylket i liten grad urbanisert. Utdannings- og inntektsnivå og urbanitet er kjent for å korrelera sterkt med skuleprestasjonar, og eit fylke som t.d. Nord-Trøndelag, kjem dårleg ut på dei nasjonale prøvane jamvel om det demografisk sett har mykje til felles med Sogn og Fjordane.

Det kan vera ei rekkje grunnar til at Sogn og Fjordane har så gode resultat. Men når det gjeld språksituasjonen, veit vi dette: Ikkje noko anna fylke har så høg nynorskprosent blant elevane i grunnskulen. Sogn og Fjordane hadde i 2011 97,3%, Møre og Romsdal 52% og Hordaland 39%. Elevar med nynorsk som opplæringsmål blir massivt stimulerte på bokmål og sentralaustnorsk talemål gjennom storsamfunnet, og i praksis har difor nynorskelevar allereie ganske høg kompetanse i bokmål når dei møter det som sidemål på ungdomsskulen. Det motsette gjeld i svært liten grad for bokmålselevar.

Og sidan Sogn og Fjordane er det einaste så å seia reine nynorskfylket er det ikkje utenkjeleg at dei gode skuleresultata kan sporast til språksituasjonen: Viss det å bli stimulert på både nynorsk og bokmål frå tidleg alder gir nokre av dei same utviklingsmessige fordelane som udiskutabelt tospråklege har, er det å forventa at det vil slå ut på læring generelt.

Meir forsking er mogleg – og viktig!
Desse forholda kan vi testa eksperimentelt. Viss vi testar born i ulike fylke for t.d. utøvande kontroll, burde vi ikkje finna større regionale skilnader blant born i førskulealder. Men dersom det kjem fram skilnader blant elevar i t.d. 12-13-årsalderen, er vi heilt klart på sporet av noko.

Den internasjonale tospråksforskinga fortel oss tydeleg at språkstimulering er meir enn berre opplæring av språklege ferdigheiter: Det er ei allmenn trening av hjernen og hjernefunksjonar. Det å undersøka den norske språksituasjonen i eit kognitivt utviklingsperspektiv har difor meir enn berre akademisk interesse. Dersom vi kjem til at regionale skilnader i skuleresultat kan knytast til skilnader i kognitiv utvikling med grunnlag i ulik språkstimulering, bør den kunnskapen leggjast til grunn for utforming av ein språklæringspolitikk der eksponering for og trening i begge dei to språkformene våre blir sett på som ein viktig ressurs i skule og barnehage.

Forskning.no har òg skreve om nytta av tospråklegheit her.

Prøv vår bokmålsquiz her!