Målungdomen set smilefjes på språkpolitikken

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målungdomen: Desse partia har best og verst språkpolitikk

Den siste tida har ei rekkje ulike organisasjonar trilla terningar og gjeve karakterar til partia. Heilt på tampen av valkampen har Norsk Målungdom no leita fram dei språkpolitiske smilefjesa.

– Me har plukka ut nokre av dei viktigaste nynorsksakene, og vurdert kva dei ulike partia går til val på, seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

Han forklarer at dei har prøvd å gjera oversynet mest mogleg sjølvforklarande.

– Jo betre politikk for nynorsken, jo meir positivt smilefjes – og omvendt, smiler Hope.

Ikkje berre sidemål

Åtte av tolv kategoriar handlar om språk i skulen. Hope meiner at det er heilt på sin plass.

– Skulen er den viktigaste dannings- og læreinstitusjonen me har i samfunnet, og kva stilling partia meiner nynorsken skal ha i skuleverket er viktig for veljarane å veta før valet, seier Hope.

– Mange parti meiner mykje om sidemålsundervising, men lite om nynorsk som hovudmål. Det har vore eit mål å få fram kven som har den mest utfyllande politikken på desse felta.

Ein del tenkjefjes

Mange av partia har ein del blanke felt i skjemaet. Hope presiserer at smilefjesa er delt ut utelukkande på bakgrunn av partiprogramma.

– Handling veg tyngre enn ord, men det er orda og programma som lèt seg systematisera i eit slikt skjema. So er det klart at nokre parti får litt lite utteljing fordi dei ikkje har programfesta enkelte ting som dei har stått for tidlegare, men slik er det, seier målungdomsleiaren.

Partiet som merkar seg ut med breiast smil og flest hjarte i augo, er Sosialistisk Venstreparti. Dei to partia lengst til høgre får derimot ikkje så mykje som eit smil frå målungdomen, berre tårer og bæsj.

– Me oppmodar sjølvsagt alle til å lesa partiprogramma før dei røystar, avsluttar Hope.

Sjå heile oversynet her: