Hjernen ser ut til å krympe raskare hjå vaksne personar som slit med å få sove. Svinnet er mest dramatisk for dei over 60 år.

NPK
NPK

Det viser ein studie av 147 vaksne nordmenn gjort av psykologar ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Universitetet i Oxford, skriv Forskning.no.

Når vi søv vert hjernen og kroppen reparert etter dagens påkjenningar. Ein studie har mellom anna vist at søvn bryt ned giftstoff i hjernen. Likevel veit vitskapen framleis ikkje heilt sikkert kva som skjer når vi søv.

LES OGSÅ: Søvn styrker minne og læring

Forskarane fann ut at deltakarane med søvnproblem hadde ein raskare reduksjon av hjernevolumet i dei 3,5 åra mellom undersøkingane. Reduksjonen var særleg tydeleg for personar over 60 år.

Hjernen krympa i område som hadde med kognisjon å gjere, altså prosessar som merksemd, minne, tolking og problemløysing.

– Det er enno ikkje kjent om dårleg søvnkvalitet er ei årsak til endringar i hjernestrukturen, eller om redusert hjernevolum er ein årsak til søvnproblema, seier Anders Martin Fjell ved Universitetet i Oslo til Forskning.no. (©NPK)

LES OGSÅ: Søvnskadeleg sengesurfing

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE