Søvn styrkar minnet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan me søv blir alle inntrykk og opplevingar me har hatt gjennom dagen sortert og lagra, har forskarar ved University of Bristol funne ut.

LES OGSÅ: Berre frie forskarar har tillit

Forskarane har studert hjerneaktiviteten hos sovande personar, skriv den svenske nettstaden Forskning og Framsteg.

Resultata av undersøkinga viser at mønsteret i hjerneaktiviteten som har spelt seg ut gjennom dagen, blir gjenopplevd i hurtigfilm medan me søv.

LES OGSÅ: Latter avslører venskap

Hurtigavspelinga skjer i hippocampus, som er det området i hjernen som lagrar minna.