Unge vaksne slit meir med søvnen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av fire slit med søvnproblem

20 prosent av alle som deltok i undersøkinga, som Nasjonalt kompetanseteneste for søvnsjukdommar (SOVno) står bak, hadde insomni, altså problem med å få sove om natta. Men i alderen 18 og 30 år var det aller høgast førekomst; heile 26 prosent.

Tala er høgare enn det tidlegare undersøkingar har vist, fortel Bjørn Bjorvatn, professor og leiar av kompetansetenesta.

– Førekomsten av søvnproblem er høgare enn vi trudde, og det er overraskande at det er ein auke særleg blant dei yngre. Tidlegare har vi trudd at problema aukar med alderen, seier han til NTB.

Til sengs med mobilen
Han presenterte resultat frå ei undersøking om søvnvanane til nordmenn på konferansen zzz2016 tysdag.

Via telefon er eit representativt utval av befolkninga blitt stilte fleire spørsmål om søvnvanar, inkludert ulike symptom på insomni. Undersøkinga seier ikkje i seg sjølv noko om årsaka til at så mange nordmenn mellom 18 og 30 strevar med insomni.

– Nokon spekulerer på om det har samanheng med at det er den gruppa som brukar elektroniske medium mest, seier Bjorvatn.

62 prosent i den yngste gruppa (18-30 år) opplyser at dei brukar mobilen eller andre elektroniske dingsar i senga kvar einaste dag, noko som er høgare enn i andre aldersgrupper.

Bjorvatn nemner også andre moglege årsaker: Stress knytt til skule og studiar, at ein har små barn, eller opplever tidsklemma.

Ikkje nok hjelp
Undersøkinga viser også at kvinner oftare har søvnproblem enn menn.

Liknande undersøkingar frå tidlegare har vist at om lag 13 prosent av befolkninga lir av insomni.

Bjorvatn meiner dei høge tala i denne undersøkinga tyder på at mange ikkje får tilstrekkeleg hjelp for problema.

Det er den enkelte sjølv som må kjenne på om problema er så store at det er behov for å søke hjelp, meiner han. Men viss ein opplever at søvnproblema går utover skule eller arbeid, kan det vere lurt.

Å skru av mobilen kan vere eit viktig tiltak, særleg for dei yngste, som gjerne opplever eit sosialt press om å vere på.

God behandlingseffekt
Han fortel at det er mange moglegheiter for å få behandling, dersom ein strevar med å få sove om natta.

– Det er veldig godt dokumentert at kognitiv åtferdsterapi har effekt på insomni, seier han.

Slik behandling kan ein få hos fastlege eller spesialist, men det finst også sjølvhjelpsbøker og behandlingstilbod på internett.

Han har også desse råda for å førebyggje søvnproblem:

Ha god døgnrytme, gå og legg deg til same tid kvar dag.

Unngå koffein om kvelden.

Ikkje ligg lenge i senga å vri deg om du ikkje får sove. Då er det betre å stå opp.

(©NPK)

LES OGSÅ:  Saknar søvnvenleg kvardag for ungdom