Torbjørn, no må du snart forstå at du har gjort ein feil.

mm

Du føreslo å innføre ei rigid fråværsgrense i skulen, og me sa klart i frå om at den ikkje var ynskja. Så valte du å prøve å innføre den likevel, og me svarte med lesarbrev. Du høyrte ikkje. Me i Hordland SU tok initiativ til ein elevstreik som endte opp med å bli ei elevrørsle som ein aldri har sett makan til her i landet, med over 10.000 streikande elevar! Likevel innfører du grensa.

No er den her, og ting går akkurat som me sa; til helvete.

Berre få veker inn i skuleåret ser me legekontor fullt av elevar som lett kunne sendt ein melding til læraren i staden for legeerklæring om du berre sa det var greit. Me høyrer om elevar som allereie har fått varsel om for mykje fråvær etter å ha vore vekke ein gymtime. Me ser at dine «felles retningslinjer for skulk i skulen» i realiteten vert praktiser heilt forskjellig frå skule til skule, kanskje til og med klasse! Me ser at det ikkje fungerer!

Me vil fullføre skulen, Torbjørn. Me vil komme oss vidare i livet. Me er ikkje late skulkarar som treng denne grensa for å ta oss saman.

Dagens ungdom drikk mindre, engasjerer seg meir og gjer det betre på skulen enn generasjonene før oss, men det må vere lov å bli sjuk!

Torbjørn, me veit kva som fungerer, så høyr på oss. Du har jo trass alt ikkje gått på vidaregåande sidan 1998, medan me går på skulen kvar einaste dag.

Ein må fokusere på KVIFOR elevar ikkje møter opp til timen, og ikkje berre gi opp på dei med ein gong. Me må tilrettelegge for obligatoriske køyretimar slik at elevar som treng lappen for å få læreplass kan møte arbeidslivet med alt på stell. Me treng fleire helsesystrer i skulen som kan ta i mot eleven meir enn annakvar onsdag i 30 sekund. Me treng støtte, tillit og fridom i skulen, ikkje pisken.

Me verken treng eller vil ha fråværsgrensa i skulen, så fjern den!

Kom igjen Torbjørn, det er ingen skam å snu.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE