Eg røyster ikkje på dei som svikta meg i den mest sårbare tida av livet mitt, nemleg ungdomstida.

mm

Skuleåret 2016/2017 vart det innført ei fråværsgrense på alle dei vidaregåande skulane i landet. Grensa er basert på ein idé om at fråvær er kjem som følgje av skulking, og at elevar treng denne grensa for å ta seg saman.

Me er late skulkarar som drit i utdanninga, kvardagen og framtida vår. Slik er det ikkje.

Norske elevar tok i bruk ytringsfridomen
11. mai 2016 tok nemleg over 10 000 elevar til gatene for å streike. Me streika mot det grove angrepet kunnskapsministeren gjennomførte på den norske skulen, og han prøvde å stoppe det.

Det vart gitt ugyldig fråvær og merknadar på orden og åtferd. Prøvar og innleveringar vart flytta til streikedagen, men likevel tok norske elevar i bruk ytringsfridomen og viste motstand.

Det vert den nye røynda
Me trassa sure rektorar, ein kunnskapslaus kunnskapsminister og mobiliserte til tusen. Me malte banner, skreiv lesarbrev og viste at me bryr oss om vår utdanning, vår kvardag og vår framtid.

Det er ingen skam å snu
Dette er no eitt år sidan, og me ser at alt me sa kom til å skje, vert den nye røynda.

Berre nokre få veker inn i skuleåret såg me elevar med feber, spysjuke og andre smittsame tilstandar som kjempa seg gjennom skuledagen.

Legekontora var og er fylt opp av elevar som lett kunne sendt ei melding og varsla fråværet sjølv, men som no må ha legeerklæring.

Grensa fungerer ikkje
Me høyrer om elevar som fekk varsel etter to veker på skulen om at dei hadde for mykje fråvær etter å ha vore vekke ein gymtime.

Me ser at dei såkalla felles retningslinjene for skulk i skulen i realiteten vert praktisert heilt forskjellig frå skule til skule. Til og med ifrå klasse til klasse.

Me ser at denne grensa ikkje fungerer.

Elevane vil læra. Me vil fullføre utdanninga vår med best mogeleg resultat slik at me kan arbeide med det me ønskjer. Det me ikkje ønskjer, er at vår skulegang skal vere eit prøveprosjekt som har slått totalt feil.

Hugs dei elevane som streika
Om berre nokre månadar er det klart for eit nytt stortingsval. Partia skal drive hard valkamp i håp om å få flest mogeleg røyster.

Då er det viktig, kjære Arbeidarpartiet og Høgre, at de hugsar dei ti tusen elevane som streika for eitt år sidan.

Mange av oss kan nemleg røyste ved dette valet.

Eg røyster ikkje på dei som svikta meg i den mest sårbare tida av livet mitt, nemleg ungdomstida. Eg røyster på dei som sto ved elevane si side gjennom heile kampen, og som framleis står her og kjempar i lag med oss.

Me er ikkje late skulkarar som treng hjelp til å ta seg saman. Me er engasjerte. Dette valet vert ungdommens val, og me veit kven me skal røyste på. Hugs: Det er ingen skam å snu.

Innlegget var først publisert i Aftenposten Si;D.

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE