Elevar over heile landet mobiliserer mot ny fråværsgrense.

mm
Faktaboks

• Frå hausten innfører Kunnskapsdepartementet ei ny, nasjonal fråværsgrense på 10 prosent, med unntak for dokumentert gyldig fråvær.
• Gyldig fråvær er helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
• Avtale om sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid blir heller ikkje rekna som fråvær.

Her er stadene der det førebels er planlagt elevstreik 11. mai:

Stord
Bergen
Voss
Drammen
Ålesund
Telemark
Bærum
Asker
Oslo
Haugesund

LES FAKTALUKK FAKTA

Dersom elevar har meir enn ti prosent ugyldig fråvær, så blir det ingen karakter, ifølgje dei nye fråværsreglane som blir gjeldande frå hausten. 

11. mai blir det elevstreik på skular fleire stader i Noreg. Anna Sofie Ekeland Valvatne, styremedlem i Hordaland SU, er initiativtakar til streiken.

– Grunnen til at me streikar er at me meiner dei nye reglane er eit åtak på norske elevar. Å streika er noko av det mest drastiske me kan gjera, men så er regelendringa òg drastisk, seier ho til Framtida.no.

LES OGSÅ: Berre éin får stryka fråveret

– Drop-out-garanti

– Fråværsreglane vil ikkje førebyggja drop-out, det vil i staden vera ein drop-out-garanti, hevdar Anna Sofie Ekeland Valvatne, og meiner lærarane bør få utvisa skjønn slik dei gjer i dag.

Søstera hennar Johanne Malene Ekeland Valvatne i Stord SU meiner reglane vil ramma elevar som slit med den psykiske helsa.

Streikekomiteen på Stord er særleg uroa over korleis fråværsreglane vil ramma yrkesfagelevar. Er ein elev sjuk ein eller to fagdagar i fellesfaga med færrast timar, så blir det lett å koma over fråværsgrensa på ti prosent.

– I staden for fråværsgrense, så burde ein heller spurt kvifor ikkje elevar kjem på skulen og løyva meir pengar slik at det kan koma skulepsykologar på alle skular.

LES OGSÅ: «Russebussen får eit ufortent dårleg rykte»

Streik i juni også
Dei fleste ungdomspartia, bortsett frå Unge Høgre og FpU, er kritiske til fråværsreglane og stiller seg bak streiken, ifølgje Elevorganisasjonen.

SV-representantane Audun Lysbakken og Heikki Holmås har fremja eit representantforslag om å oppheva  fråværsgrensa.

Elevorganisasjonen, som organiserer dei aller fleste elevane på vidaregåande skular over heile landet, står bak ein nasjonal elevstreik i ein time mot fråværsreglane. Førebels dato for denne er 17. juni, alt etter kva tid saka skal opp i Stortinget.

– Når elevane engasjerer seg sterkt mot dei nye fråværsreglane, så skulle det berre mangla at ikkje me organiserer ein streik for å finna betre løysingar på fråværet, seier Sylvia Lind, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen.

– Det verkar som om kunnskapsministeren vil skremma elevane til å vera på skulen, i motsetnad til kva elevane kunne tenkt seg; at ein skulle brydd seg om elevane, seier ho og seier ho er redd kva fråværsreglane kan bety for tilliten mellom lærarane og elevane.

Dette svarar Kunnskapsdepartementet: – Vil senda klart signal mot skulk

LES OGSÅ: Psykisk sjuke elevar fell frå

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE