Legg mobilen ut av synsfeltet når du loggar av i ferien

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me må behandle mobilbruk som røyking

Tor Wallin Andreassen, professor på Norges handelshøgskule (NHH), har forska på ekstrem bruk av smarttelefonar. Han kallar det avhengigheit.

– Velferdssenteret i hjernen skil ut stoffet dopamin. Det gjer det hjå alle, og det tek oss gjennom dagen humørmessig. Mobilbruken utløyser dette velferdsserumet noko som gjer at hjernen får ei slags kjensle av å vere «høg». Det legg hjernen merke til med ein gong og vil ha meir av, forklarer han.

Andreassen meiner me må leggje frå oss telefonen, og har nokre tips til korleis ein gjer det.

– Eg trur det beste er å ta han ut av kvardagen ved å ta han ut av synsfeltet. Alt du har innanfor synsfeltet vert du minna på heile tida. Og ein må bestemme seg for at dette er noko ein har lyst til å gjere. Det er som å slutte å røykje, seier professoren.

Tor Wallin Andreassen er professor ved Norges handelshøgskule, og meiner den hyppige mobilbruken er eit samfunnsproblem. Foto: NHH

Korleis går ein fram?

– Ein må finne ein grunn, og det kan vere at det går ut over noko, som at ein ikkje er mentalt tilstades med partnar eller familie, eller at andre fortel til deg at du er psykisk fråverande, seier han.

Andreassen meiner ein god måte å byrje på er å få han ut av synsfeltet.

– Då vert ein ikkje minna på dyret som ropar på deg. Ein «behandlar», og det er så sterke mekanismar at ein må bruke slike ord, for ei slags avhengigheit.

Han meiner ein bør setje grenser for seg sjølv, slik at me har fri når me har fri, både sosialt og frå jobb. Døme på slike reglar kan vere: «Når eg er heime brukar eg han minimalt.» «I helgene vil eg ikkje bruke mobilen.»

Les òg: KrFU-leiar Ida Lindtveit får streng melding kvar gong ho ser på telefonen

– Eg har sett nokre av mine vener annonserer på Facebook at dei loggar av for nokre veker. Kan det vere noko i å gjere det så forpliktande?

– Eg synest det er eit godt grep. Det kjem frå grasrota. Heltane er ikkje dei som sjekkar mobilen, men dei som ikkje er på mobilen heile tida. Det me fann i studien vår er at den sosiale norma i samfunnet og blant vener er den største drivaren, seier han.

På tide å logge ut

I vinter kom det mange bidrag til ein skrivekonkurranse om livet på nett. Her kan du lese nokre av dei:

Henrikke Madelein Furu (16) skreiv i vinter eit innlegg om å ta pausar frå nettverda. Innlegget kan du lese her. Der skreiv ho at «det er på tide at vi loggar ut eit augneblink, og ser oss sjølve i spegelen».

Frida Snowball (15) minner oss om at få vel å legge ut bilde når dei har ein dårleg hårdag eller ligger på sofaen heile dagen. Innlegget kan du lese her.

June Hermansen (15) skreiv om om kor vanskeleg det er å bryte vekk frå mobilen, og tipsar om app-en «Break Free Cell Phone». Det kan vere lettare å ikkje ta fram mobilen heile tida om du veit at nokon loggfører kor mykje du brukar han. Innlegget kan du lese her.