«Slik kan framtidas ungdom bli mindre avhengige av mobilen»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik blir du mindre avhengig av mobilen

Mobilavhengighet er eit stort problem i dag. På tek.no las eg nyleg ein artikkel om at det blir stadig fleire folk som er alt for mykje på mobilen. Viss du opnar mobilen meir enn seksti gonger per dag, er du mobilavhengig. Talet for kor mange som gjer dette er alt for høgt. Denne teksten skal prøve å overtyde deg i å slutte å vere så mykje på mobilen.

Heime hos meg har vi ganske strenge regler når det gjelder mobil ved matbordet. Vi får ikkje ein gong lov til å sjå kven det var som sendte den snappen, eller kva gruppe det var som chatta på Messenger. Mobilen skal ikkje rørast under middagen. Likevel er det ikkje alltid slik. For eg og syskena mine ete nokon måltid åleine, utan mamma og pappa. Da er det ingen av oss moderne ungdomar som har lyst til å følgje regelen til mamma og pappa. Då tek alle saman opp mobilen, og skal sjekke Instagram eller Facebook. Det er nesten ingen som pratar, ein høyrer berre lyden av videoar som blir spilte. Saman med ein rå latter som høyrast når videoen er ferdig. Går det ikkje ann å ha eit måltid der vi berre pratar?

Eg veit eg ikkje er den einaste som blir automatisk kobla til wifien heime. Dei fleste ungdomar får mobildata saman med mobilabonnementet, men det blir veldig kjapt brukt opp. Dermed må ein vente til ein kjem heim før ein får internett. Så når ein kjem heim, og blir kobla til internettet, kjem alle varsla. Varsla frå Snapchat, Instagram, Facebook, Messenger, og andre mediar. Da er det veldig vanskelig å sette seg ned med lekser når ein veit at det er kome mange nye varslar. Derfor skal ein berre sjekka kva det var som plinga så mange gonger. «Eg skal berre sitje eit par minutt», tenkjer dei fleste. Plutseleg har det gått femten minutt, eller meir, og du har brukt opp mykje av leksetida di. Dei femten minutta får du aldri tilbake. Du tenkjer sikkert at femten minutt ikkje er så mykje, men kva viss du gjer dette kvar dag i si, to veke, då blir har du kasta bort to hundre og ti minutt!

Snapchat sin idé om ‘days’ må ha vert der smartaste Snapchat har funne opp. ‘Days’ er når du har sendt ein snap til ein person, og den personen sender tilbake til deg. Viss dykk gjer dette mange dagar etter kvarandre, får dykk dagar, eller ‘days’. Når du har fem ‘days’, har dykk sendt snap til kvarandre fem dagar etter kvarandre. Viss du gløymer ein dag og sende snap til personen, mister dykk alle dagane. Sei at eg har klart å fått hundre dagar med ein person, da har eg ikkje lyst å miste alle dagane eg har fått. Dermed må du inn på Snapchat kvar einaste dag. Slik at du unngår dette. Det er som om du blir tvunge til å forsette. For viss du forset med dette vil du få høgare og høgare tal. Til slutt får du så mykje at du aldri kjem til å slutte fordi du har fått alt for mange til å miste dei.

Barn i dag får mobil alt for tidleg. Eg hugsar at då eg gjekk på barneskulen, var det veldig uvanleg viss ein person fekk mobil før dei var ti år gammal. No er det uvanleg viss nokon får mobil etter dei er ti år gamle. Som ein konsekvens av dette, blir framtidas ungdom enda meir vandt til mobil. Det kan kanskje bli ein enda større vane. Derfor må vi ungdom sette eit godt eksempel. Vi er nøydt til å vere gode førebilete. Prøv å legg vekk mobilen på sosiale arrangement, prøv å ikkje sitte med mobilen på bussen, og prøv og gi slipp på dagane dine. Då kan kanskje framtidas ungdom bli mindre avhengige av mobilen.

Har du nokon gong lagt deg til å sove utan og sjekke alle media først? Eg har blitt flink og kome meg i seng litt tidleg. Så skal eg berre sjekke om det er posta noko nytt på Instagram eller Facebook. Plutseleg har det gått ein halv time sidan eg la meg. Eg som hadde vore så flink og legge meg tidleg. Eg veit det er nokon som kjenner seg igjen her. Visste du at det er eigentleg anbefalt og ikkje sjå på noko skjerm ein time før du legg deg? Det gjer at hjernen din trur det er morgon, og då tek det lengre tid før du sovnar. Eg anbefala og prøve dette i ein uke eller to. Eg garanterer at du kjem til å sove så mykje betre.

Alt i alt vil eg komme med ei løysing viss du ikkje klarer å legge frå deg mobilen sjølv om eg no har forklart deg kvifor du burde gjere det. Viss du framleis har problem, burde du laste ned appen: «Break Free Cell Phone». Du finner den både på appstore og på google play. Appen fortel deg nøyaktig kor mange timar du har brukt på mobilen i løpet av dagen. Den fortel deg også kor mange gonger du har låst opp mobilen. Når du veit at noko følgjer med på det nøyaktige talet timar som du bruker i løpet av dagen. Appen kan også hjelpe med at du kan sjå om du forbetrar deg eller om det stort sett er det same. Finn du framleis ikkje motivasjon? Tenk på korleis verda vil bli viss vi fortset slik. Vi kjem til å bli heilt isolert frå den verkelege verda.
 

June Hermansen er 15 år og går på Møre Ungdomsskule. Ho fekk ros av juryen for dette innlegget i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett om livet på nett.

Slik feira Håkon og June sigeren i skrivekonkurransen!