Det «perfekte» liv på sosiale medium

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette innlegget vart sendt inn til Framtida sin skrivekonkurranse om livet på nett og får særskilt ros frå juryen:

Er du inne på sosiale medier legg du sikkert merke til kor lykkeleg og vellykka vennane dine er. Dei er sosiale, trener, et sunn og god mat og dei har eit perfekt liv, mens du er det motsette. Er det verkeleg ingen som har det slik som meg? Dette kan vere ei maske av realiteten. Ofte er livet på nett berre eit glansbilete av verkelegheita og får kun fram dei positive sidene.   

Ingen dårleg hårdag
Ofte oppfattast andre på nett som populære, sunne, lykkelege, sporty, sosiale, engasjerte, aktive og med ein fullspekka kvardag. Det kan jo hende at det er slik, men det kan også vere at dei kanskje berre legg ut dei positive sidene sine. Når fleire av vennane dine gjer det, verker det som om alle har det slik, og du verkar som den einaste som ikkje har det slik. Hugs at få vel å legge ut bilde når dei har ein dårleg hårdag eller ligger på sofaen heile dagen.

At folk pyntar til verkelegheita trur eg har noko med status å gjere. Kor mange følgjarar du har og kor mange likes du får er mange opptatt av. Dei vil stå fram på ein måte som får andre til å like dei. Kanskje dei ikkje har det slik, men berre latar som. Dei får på ein måte ein ny sjanse å bli populær på nett, og utnyttar det.

Medan andre ikkje bryr seg så mykje om kor mange likes og følgjarar dei får. Dei bryr seg meir om kva dei sjølv tenkjer om seg sjølve. Dei vil oppnå å være den dei ynskjer å vere, ikkje skape noko kunstig.  

Frivillig usynlege
Eg trur mange som har det veldig bra og er glade er dei som ikkje bryr seg så mykje om å dele alt på nett. Dei treng ikkje at alle veit kor bra dei har det, dei vel heller å leve i noet og oppleve det dei gjer i staden for å vere så oppteken av å dokumentere alt og kva alle tenkjer om dei.   

Mange vel å legge ut bilde og liknande kun for å oppdatere folk. Eller kan det hende dei er stolt av kva dei har fått til. Det burde jo vere lov.   

Mange tenkjer ikkje så mykje over det, men er blitt påverka av andre som gjer det og tenkjer det er heilt normalt å bruke nettet på den måten. Det er det jo og, men når alle gjer det verker det som alle lev perfekte liv og ditt er ekstra kjedeleg.  

Negativ respons
Ifølgje Respons Analyse pyntar 1 av 4 nordmenn på seg på sosiale medium for å verke betre. 3 av 10 blir negativt påverka. Dette viser kor opptatt vi er om kva andre tenkjer om oss, men at det gjer andre usikre og får seg til å føle seg dårlegare.

Sjølv om dei på sosiale medieum ofte pyntar på verkelegheita trur eg ikkje dei prøver å såre nokon eller få dei til å føle seg verre, men uansett får fleire dårlegare sjølvtillit av alle som har det så mykje ”betre” enn dei. Det er nesten som sosiale medium kan få deg til å tru du ikkje er pen nok, at du er feit, usunn og lat, sjølv om du ikkje nødvendigvis er det. Det kan også vere irriterande sidan det verkar som andre er flink i alt, mens du fortsatt kavar med å bli ”bra nok”.

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

«Facebook for real»
UngHjelp har starta ein kampanje på Facebook; «Facebook for real». Det er ein kampanje som skal hjelpe oss å dele meir av oss sjølve. Eg trur dette kan hjelpe mange til å slutte å late som om dei lever eit Barbie-liv. Fleire har bidratt i denne kampanjen, blant andreMaria Mena, Ida Fladen, Hanne Sørvaag og Johanna Grønneberg Mesa. Dette er veldig positivt sidan dei er kjente profilar som lett påverkar andre som ser opp til dei.  

Sjølv om ei ”perfekt” verkelegheit skaper dårleg sjølvtillit kan det også vere bra. Alt det positive på nett kan hjelpe oss og gi oss inspirasjon til å gjere ting betre. For eksempel du kan bli inspirert og motivert til å lage sunnare og meir variert mat, trene, være sosial og få noko ut av kvardagane. Det er jo godt for både kropp og sjel.  

Det verkar kanskje som om alle andre er lykkelege og har eit vellykka liv, men hugs at ingen er perfekte.

Kjelder frå Dagbladet her og her

Les korleis Håkon og June feira sigeren i skrivekonkurransen