Ein usosial blekksprut

Debatt
Publisert
Oppdatert 12.08.2021 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette innlegget vart sendt inn til Framtida sin skrivekonkurranse om livet på nett og får særskilt ros frå juryen.

Då eg byrja skrive denne artikkelen måtte eg lukke alt som var av appar, og byrje å konsentrere meg.

Mobilen og pc-en tek mykje av tida mi, men kor lett er det eigentleg berre å logge seg av? Kva med dei uopna Snapchat-bileta, varsla på Instagram og dei nye oppdateringane på Facebook. Kjem eg til å gå glipp av noko viktig? Tankane spinn rundt i hovudet mitt.

Det er heilt klart både fordelar og ulemper ved unges nettbruk. Internett blir brukt til mykje forskjellig, alt frå å sende e-post, gjere skulearbeid, handle, lese nettaviser, til rett og slett berre å halde kontakten med vener og kjende. Nettbruk kan ta mykje tid og merksemd. Har eg nett i livet mitt, eller er livet mitt på nett?

Sosial trening på nett
Sosiale medium er blant dei fremste arenaene for sosial lærdom hjå barn og unge. For mange ungdomar kan sosiale media faktisk vere primærkjelda til sosial omgang.

Eg tykkjer at foreldre må gjere sitt for å relatere seg til unges internettverd. Eg trur at nettbruk til ein viss grad kan vere med på å fremme barn og unge sine kommunikasjonsevner og at det aukar det sosiale nettverket deira. På nettstader som til dømes Facebook blir unge oppfordra til å engasjere seg i aktuelle saker. Bloggar, Instagram og YouTube gir kreative utløp, uavhengig om det er ditt eige eller andres verk du ser.

Eg skal vere ærleg. Eg er redd for å gå glipp av noko, for mykje av ungdomane sin kommunikasjon skjer over nettet. «Vil du vere med meg heim å sjå på 4G-en min», er vel kanskje ein klar toppkandidat for årets teitaste, men framleis mest aktuelle skjekketriks i 2016.

Det er vanskeleg for oss unge å sjå for oss korleis livet var tidlegare, utan nett og det heile. «Er du nasjonalromantisk, for veit du kva? Du gjer meg heilt Asbjørnsen og Moe i knea,» var vel kanskje ein slager før i tida. Ikkje veit eg.

Dagens ungdom står ovanfor ei rekke utfordringar tidlegare generasjonar ikkje trong ta stilling til. Ordet sosial har også fått ein heilt anna tyding. Ein kan vere heime åleine, og framleis vere sosial via nettet. Kva gjer dette med ungdommar, og samspelet oss i mellom?

Snap frå mamma
Pling! Mobilen lyser opp, og det same gjer eg. Eg opnar Snapchat, og ser ei liste med uopna snaps. Det er så mykje eg har gått glipp av, tenkjer eg. Eg går gjennom dei, og ein er faktisk frå mor mi. Ho har tatt sendt eit selfie, attpåtil MED filter!

Dette er eit stor steg for menneskeheita, som sjølvaste Neil Armstrong sa ein gong i tida. Tenk at det kom frå ei som berre ei lita stund tidlegare trudde YouTube var eit hornorkester. Framsteg, seier eg berre, men er det verkeleg slik at foreldre forstår alt kva vi unge bedriv på nett?

Eg kjem frå ein generasjon der ein kan bli sett på nettet, men oversett i røynda. Ein kan verke perfekt på Instagram, men verkeleg ikkje ha noko på stell i røynda. Kommentarfelta kan hagle, kanskje av folk som vanlegvis ikkje eingong tør å sjå andre i auga. Det er på tide at vi loggar ut eit augneblink, og ser oss sjølve i spegelen.

Er eg den same på nettet som i røynda? Det er kanskje på tide at vi kan puste ut og ta ein pause ein gong i blant. Kvile blekksprutarmane.

Det handlar om måtehold altså, så veit du det. Snappast!

Skriven av Henrikke (16).

Les korleis Håkon og June feira sigeren i skrivekonkurransen