Snakk saman om mobilen

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legg vekk mobilen, og la deg skuve på ting

– Eg har eit skjermbilete på mobilen som seier «må du bruke mobilen akkurat no». Den har mannen min lagt til. Men sjølv om eg har skjermbiletet, vert ein vant til det, og lærer å ignorere det.

Slik skildrar leiar for Kristeleg folkeparti Ungdom Ida Lindtveit sitt tilhøve til mobiltelefonen. Som leiar i eit ungdomsparti krev jobben at ho brukar mykje tid på mobilen.

– Det handlar om å vere oppdatert, kanskje i frykt for at noko skal gå meg hus forbi. Då sjekker eg nyheiter, men òg Facebook, sidan jobben krev at eg følgjer opp på ting og ser korleis folk reagerer på saker.

Skjermen på telefonen til KrFU-leiar Ida Lindtveit stiller det viktige spørsmålet. Foto: Skjermskot

Seier ifrå på møte

Ho følgjer rådet Tor Wallin Andreassen, professor ved Norges handelshøgskule, gav om å få mobilen ut av synsfeltet.

– Om eg ikkje brukar mobilen, er det greitt å leggje han vekk. I veska eller sekken. Eller at går tom for straum, det hjelper jo òg, seier Lindtveit.

I KrFU har dei teke opp mobilbruken, og seier ifrå i byrjinga av møte om å la mobilen liggje. Spesielt når dei har besøk av nokon som held føredrag for dei.

– Me hadde mykje mobilbruk på møte, men sidan me var vande med det, tenkte me ikkje på det. Det kom ei frå utsida og reagerte på det. Smitteeffekten er nok stor. Tek éin opp mobilen, sit plutseleg alle med han.

Les òg: Tor Wallin Andreassen meiner me bør behandle mobilbruk som røyking

Vanskeleg å leve utan

Professor Andreassen, meiner det er eit samfunnsproblem, og at den hyppige mobilbruken fører til ei slags avhengigheit.

– Det som forsterkar det heile, og som gjer at det burde bli løfta til eit samfunnsproblem, er at heile samfunnet er innretta til å bruke mobil og nettbrett. Det offentlege vil ha nesten all kontakt over på digitale flater. Verksemder satsar på heimesider og app-ar. Dette er ting ein må bruke for å ha eit liv, seier han, og legg til:

Tor Wallin Andreassen er professor ved Norges handelshøgskule, og meiner den hyppige mobilbruken er eit samfunnsproblem. Foto: NHH

– Då meiner eg me kan ty til ein nasjonal kampanje, som med røyking. Styresmaktene kan setje i verk ein informasjonskampanje om at det kan vere lurt å dempe bruken.

– No er det fri roaming i EU. Det gjer det kanskje endå vanskelegare å logge av i ferien?

– Det er nok eit døme på at det er bedriftsøkonomisk med auka bruk, men det fôrar opp under vanedanninga, noko som skapar eit samfunnsproblem.

La deg skuve på ting

Så langt vil ikkje Lindtveit gå, og ho ser det som ein føremon at det offentlege og verksemder samlar alt på éin stad. Men sjølv om ho ikkje ser det som eit alvorleg samfunnsproblem, oppmodar ho likevel folk til å snakke om mobilbruken.

– Eg ser ikkje på det som eit samfunnsproblem staten må ta tak i, men på arbeidsplassar, i forhold eller venegjengar kan det vere eit problem. Eg trur ein haldningskampanje kan fungere, til dømes på restaurantar eller konsertar, stader der meint for å vere saman.

– Når tek du pausar frå telefonen?

– Eg tek typisk pause på møte og ferie. No var eg nett på bryllaupsferie, og der hadde eg ikkje dekning. Det hjelpte. Men elles trur eg til dømes å setje på automatisk e-postsvar gjer det lettare å leggje vekk mobilen. Og så må ein tillate seg å skuve på ting, seier KrFU-leiaren.

Begge som er intervjua i denne saka fekk sitata sendt til mobilen, slik at dei kunne sjå over og svare raskt.