2 millionar årleg håpar kommunen å spara på å leggja ned modellen med språkdelte klassar på Odda ungdomsskule. Elevar og lærarar fryktar det vert ei språksmørje.

Som einaste kommune i Noreg har Odda ei ordning med språkdelte klassar på ungdomstrinnet. Men den hundre år gamle særordninga, som har fått namnet Odda-modellen, er truga.

Avgjersla om modellen skal leggjast ned er no utsett til kommunestyrets budsjettmøte 18. desember.

LES OGSÅ: Forfattaropprop for Odda-modellen

Ein truga nynorskmajoritet

Elevrådsleiar Sigrid Walle trur ho snakkar for alle elevane på Odda ungdomsskule når ho seier at dei vil behalda språkdelinga slik ho er i dag.

Sjølv er ho elev i ein av tre nynorskklassar på tiande trinnet.

– Eg er redd for at skal føra til at eg ikkje lærer nynorsk skikkeleg. Mange av lærarane føretrekk bokmål og eg er difor redd for å mista masse av nynorsken, seier elevrådsleiaren på telefon til Framtida.no.

I tillegg fryktar ho at større klassar skal gå ut over klasse- og læringsmiljøet. I dag er skulens 248 elevar fordelt på 5 bokmålsklassar og 8 nynorskklassar.

Odda kommune skal spara 50 millionar dei tre neste åra. 15 millionar av desse skal sparast på oppvekst, skular og barnehagar.

Ved å leggje ned Odda-modellen og få større klassar, reknar kommunen med å kutte spare to millionar årleg.

Medan Odda vurderer å leggje ned modellen vil Noregs Mållag gje ungdomsskuleelevar over heile landet rett til å gå i språkdelte klassar.

I dag har alle elevar på barneskulen rett til å gå i eigen nynorsk- eller bokmålsklasse dersom ti eller fleire elevar vel ei anna målform enn majoriteten.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

– Skummelt for oss bokmålselevar
Nestleiar i elevrådet Siri Gravdal Elton er elev i ein av dei to bokmålsklassane på tiande trinnet.

Ho fryktar at undervisninga vert vanskelegare å følgja, dersom det vert slutt på språkdelinga.

– Sjølvsagt skal me ta vare på nynorsken, men det er litt skummelt for oss bokmålselevar. Samfunnsfag og naturfag har vanskelege nok ord allereie, og på nynorsk vert det ofte noko heilt anna. Me kjem til å få bøker på vårt eige mål, så eg trur det vil skape mest vanskar for læraren, understrekar Gravdal Elton.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Språksmørje
Dette synet støttar norsklærar ved Odda ungdomsskule Inge L. Reinsnos, som sjølv er eit produkt av Odda-modellen.

Han tykkjer det er heilt uhørt at politikarane i Odda no kan kome til å gå inn for å slutte med den hundre år gamle ordninga med språkdelte klassar i ungdomsskulen.

– Det vil gå ut over alle, både nynorsk- og bokmålselevar. Problemet eg får som lærar er kva språk skal eg undervisa i når eg har 16 nynorsk- og 9 bokmålselevar, seier Reinsos, som peikar på at språkopplæringa ikkje berre skjer i norsk, men i samtlege fag.

Forslaget i Odda går ut på at elevane framleis skal delast etter målform i norskfaget, men Reinsnos trur språksituasjonen vil verte vanskeleg i dei resterande faga. Då oppstår problemet om kva målform læraren skal skrive på tavla eller powerpointen. Reinsnos fryktar språkspørsmålet då kan ta fokus frå læringa og gje kvar lærar mykje ekstraarbeid.

– Det vert ei smørje, trur læraren, og legg til:

– Til sjuande og sist fryktar eg at det er nynorsken som kjem til å tapa på det. Fleirtalet av lærarane på skulen skal beherska begge målformene, men det er ikkje til å stikka under ein stol at mange er meir komfortable med bokmål.

LES OGSÅ: Vil ha Odda-modellen landet over

Kur mot målbyte
På Odda ungdomsskule er nynorskelevane i fleirtal. Målbyte, som er ei stor utfordring i randssonane for nynorsk er eit ikkje-eksisterande fenomen, ifølgje Reinsnos.

Han fryktar at forslaget kan føra til språkstrid, sidan nokre politiske krefter talar for at nynorsk skal vere hovudmålforma.

– Me er så heldige at me har ei lokalavis, Hardanger-Folkeblad, som skriv både nynorsk og bokmål. Det speglar Odda-samfunnet. Me er eit språkdelt samfunn, men me går godt ilag og me har berre gode erfaringar med Odda-modellen, seier Reinsnos, som vonar politikarane no nyttar høve til å gjera Odda til ein føregangskommune.

LES OGSÅ: – Samanslåingar skvisar nynorsken

Det handlar om prioritering
Reinsos trur at ei løysing på problemet kan vere å la ungdomsskulen sjølv skjere ned på budsjettet sitt, slik at språkdelinga får fortsetje.

Ordførar John Opdal trur ikkje at det finst gode alternativ til kutt i skulen der kommunen kan spare inn det dei reknar med å spare ved å leggje ned Odda-modellen.

– Odda-modellen er ei ordning me har hatt i veldig mange år, som einaste kommune i Noreg. Det er ei ordning som har fungert godt, men no foreslår rådmannen å leggje ned ordninga, noko eg støttar. Me har ikkje økonomi til å ha modellen. Det handlar om prioritering, og eg trur alternativa kan gjere større skade, uttallar ordføraren i Odda til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vil halde på bygda ved kommunesamanslåing

Ei unik Odda-ordning
Men ungdommen i Odda er skuffa over kommunen si prioritering.                                          

– Me har det utruleg bra slik me har det. Eg ser berre ei ulempe med ordninga, og det er det økonomiske. Men eg tykkjer me ungdommar er verdt den ekstra kostnaden. Om språkdelinga forsvinn vil det gå ut over dei svakaste elevane og læringsmiljø, seier Liva Thiis, sekretær i elevrådet på ungdomsskulen.

Ho fryktar at nynorsken vil måtte vika for bokmål i undervisninga, fordi det er lettare for nynorskelevar å lese bokmål, enn omvendt.

Det var fyrst i haust at Liva Thiis fann ut kor privilegerte dei har vore fram til no i Odda. For Odda-elevane er nemleg språkdeling i ungdomsskulen så naturleg at dei fleste ikkje tenkjer over at det ikkje er vanleg andre stader i landet. 

– Det er noko me har her i Odda, som er heilt unikt og som me burde sett større pris på, meiner den engasjerte tiandeklassingen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE