Forfattaropprop for Odda-modellen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattarar for Odda-modellen

I hundre år har Odda-elevar gått i språkdelte klassar gjennom både barne- og ungdomsskulen. Ei ordning som har sikra elevar i eit målblanda område alt undervisningsmateriell på si eiga målform.

– Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar, sa leiar i Odda Mållag Knut O. Dale då Mållaget i haust vitja Odda for å sjå nærare på løysinga.

LES OGSÅ: Vil ha Odda-modellen landet over

Vil ha statsstøtte
Men denne ordninga er no truga.

På grunn av kommuneøkonomien har politikarane sett nærare på språkdelinga. I 18. desember skal dei vedta om Odda vil halde fram med modellen.

Noregs Mållag har på si side vedteke å jobba for at staten skal dekkja ekstrautgiftene kommunane får med språkdeling i ungdomsskulen, slik at Odda-modellen kan bevarast og utvidast.

Dei har no fått med seg fleire kjente forfattarar på eit forfattaropprop for Odda-modellen som nasjonal standard. Denne vart i dag overrekt kommunestyret i Odda.

LES OGSÅ:Odda-modellen under press

Framtenkte Odda
Odda-forfattar Lars Ove Seljestad er ein av dei som er glad han fekk gå i ein rein nynorskklasse i ni år.

Han er oppteken av å bevara suksessmodellen og har difor skrive under på oppropet.

– For det fyrste er det så populært å snakka om valfridom no til dags. Dette er ein grunnleggjande valfridom når det kjem til språk og identitet. Eg vaks opp i trua om at dei hadde det slik alle plassar, fortel Seljestad, som meiner det er viktig å sikre elevane to fullverdig likestilte språkalternativ gjennom heile skulegongen.

I dag har elevar i barneskulen rett på eigen klasse dersom det er ti elevar eller meir som har ei anna målform. Denne retten har dei ikkje lenger på ungdomsskulen – unnateke i Odda.

Seljestad meiner Odda var framtenkte då dei i 1914 innførte modellen med språkdelte klassar i ungdomsskulen.  Vestlandskommunen var den gong eit veksande industrisamfunn der landsmålet møtte bymålet i dei mange tilflyttarane.

LES OGSÅ: Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

Poesispråket
Med kommunereforma fryktar Seljestad at nynorsken vil verte sett under press fleire stader, noko som gjer ein slik modell med språkdelte klassar enno viktigare for å sikra god nynorskopplæring.

– Kva fryktar du framtidige Odda elevar går glipp av om dei missar dette tilbodet?

– Dei vil missa ei form for forankra valfridom. Det vert ei dårlegare språkopplæring og språkforståing, det er eg overtydd om, svarar Seljestad, som meiner at nynorske fagbøker i alle fag er viktig.

– Det er ei uheldig utvikling i samfunnet vårt at nynorsk vert meir eit kunstspråk som er forbeholdt poesien, medan den nynorske sakprosaen og kvardagsspråket forvitrar.

LES OGSÅ: Vil ha nynorsk i alle fag

Forfattarfight 
Odda-modellen har fostra fleire språksterke forfattarar. Både Frode Grytten, Marit Eikemo og Bjørn Ingvaldsen har signert oppropet, saman med fleire forfattarar frå andre delar av landet.

Ingvaldsen er bokmålsbrukar frå Odda, medan Grytten gjekk i bokmålsklasse, før han skifta til nynorsk som 20-åring.

Forfattar Aina Basso frå Giske er mellom dei som trur at modellen har mykje for seg òg andre stader i landet.

– Eg har berre høyrt om Odda-modellen frå andre, men tenkjer det er ein styrke at ein kan velje hovudmålet sitt og få ei skikkeleg opplæring i det, seier Basso, som er overraska over at ikkje fleire forfattarar signerte oppropet.