Ungdom treng faktisk meir søvn

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil lata ungdom sova lenger

VG skriv om studien som har fulgt 100 ungdommar over fleire år. Dei fann ut at det er meir enn berre dårlege vanar som gjer at tenåringar sovnar seint og er ekstra trøytte om morgonen. Faktisk er den biologiske klokka stilt inn annleis i alderen 9 til 17 år.

– Det er ikkje overraskande i det heile, og studien dokumenterer godt at det blir ei forseinking i døgnrytmen når dei blir eldre, seier seniorforskar ved Nasjonal kompetanseteneste for sjukdommar, Ståle Pallesen til VG.

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn

Vil ha seinare skulestart
Dei som sto bak studien kjem no med eit krav som mange sikkert vil stilla seg bak – dei vil at skuledagen skal starta seinare.

Ifølgje VG er dette og eit forslag forskaren Ståle Pallesen stiller seg bak. Han meiner det legg forholda betre til rette for læring.

LES OGSÅ: Sørlendingar er lenger sjukemelde enn andre

Dramatisk med søvnmangel
Det er mykje solid forsking bak påstanden om at søvn er viktig for deg, og få vil seia imot. Nyleg oppdaga og ei norsk studie at mangel på søvn faktisk krympar hjernen.

Det var deler av hjerna som styrer minne, merksemd, tolking og problemløysing som vart råka av søvnmangelen.

– Det er enno ikkje kjent om dårleg søvnkvalitet er ei årsak til endringar i hjernestrukturen, eller om redusert hjernevolum er ein årsak til søvnproblema, sa Anders Martin Fjell ved Universitetet i Oslo til Forskning.no den gongen.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?