Sørlendingar er lenger sjukemelde enn andre
Ingen stader i landet er folk så lenge sjukemelde som i agderfylka, viser ferske tal frå Nav. Ei sjukemelding på Sørlandet varer i gjennomsnitt elleve dagar lenger enn landsgjennomsnittet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner det handlar om haldningar.
– Vi er kanskje litt slappe. Det handlar om haldningar, seier regiondirektør Siri Mathisen i NHO til NRK.
I Vest-Agder varer ei sjukemelding i snitt 48 dagar. I Aust Agder er talet 47,4. Landsgjennomsnittet er på 37 dagar, medan Oslo og Rogaland har kortast varigheit på sjukefråvær med 30,5 dagar.
LES OGSÅ: Fleire kan bli alvorleg sjuke av importert mat
Må gå i seg sjølve
Kommuneoverlege Dagfinn Haarr i Kristiansand er einig med NHO. Han trur ikkje folk på Sørlandet brukar lengre tid på å bli friske enn ein gjer elles i landet, og meiner mange må gå i seg sjølve.
– Dette må takast tak i på eit overordna nivå, frå Nav si side blant anna. Det dreier seg om å endre haldningar, både hos befolkninga og til ei viss grad hos legestanden, seier Haarr. (©NPK)
LES OGSÅ: «Ta deg saman, din latsabb!»