Vegen til vegetar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas blogg: Vegen til vegetar

Vil du ha smakfull vegetarmat til middag? Vekas blogg er «Veggisbloggen»– verdas einaste nynorske vegetarblogg.

LES OGSÅ:Det er ikkje dyr alt som kan grillast

Ein blogg for alle
Sidan 2010 har den bergensbaserte sunnmøringen Mari-Louise Uldbæk Stephan delt freistande grøne oppskrifter på nett. No er ho nominert i Framtida, Noregs Mållag og Målungdommen si kåring av Verdas beste nynorske blogg.

– Målet er å gi folk inspirasjon til å lage smakfull og innbydande vegetarmat. Eg ønskjer å nå ut til alle slags folk, både dei som har lyst til å ete mindre kjøt og dei som berre et vegetarmat, svarar  Mari-Louise, på spørsmål om kvifor ho bloggar.

I starten var bloggen mest som ei digital kokebok for ho sjølv og venene, men no har ho kring 3000 lesarar i månaden. I tillegg til eigne oppskrifter set ho mellom anna saman vekemenyar, samt deler blogg og kokeboktips.

LES OGSÅ:Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Snakk deg opp!
Bloggen har gjort Mari-Louise – som til dagleg jobbar som journalist – mykje flinkare til å ta matfoto. Fotoeigenskapa – som er vesentleg for ein kvar matbloggar – har ho utvikla gjennom øving, nettkurs og eit matfotokurs i arrangert av Meeta K. Wolff i London i fjor.   

– Eg har òg lært veldig mykje om matlaging. Før eg starta bloggen laga eg mange rettar med litt pussige smakskombinasjonar. No føler eg at eg har "fått dreisen" på kva krydder og smakar som passar saman. 

Kva er dine beste tips til bloggarar?

– Driv ein blogg fordi du synest det er gøy. Ikkje ver redd for å snakke om bloggen din. Det er lov til å snakke seg sjølv litt opp! Ta del i kurs eller nettkurs som kan auke kompetansen din. Då blir blogginga endå gøyare, svarar bloggaren, som er på ferie i Spania når ho får vete om nominasjonen.   

Tips oss om gode nynorske bloggar på tips@framtida.no

Mari-Louise har vore på kurs i London for å ta betre bilete av mat. Foto: Veggisbloggen

Ikkje noko sakn
33-åringen frå Ulsteinvik har vore vegetarianar sidan ho var 18 år og har opp igjennom fått mange spørsmål.

«Du får vel ikkje i deg jern sidan du ikkje et kjøt», er ein gjengangar.

«Har du ikkje lyst på ein skikkelig saftig biff?», er eit litt meir plagsamt spørsmål, som ho utan å nøla kan svara nei på.

– Eg har ikkje noko sakn etter kjøt i det heile. 

Ein del folk lurar kvifor ho er vegetarianar og kva ho et. Det siste spørsmålet er bloggen eit godt svar på.

– Mange har framleis ei oppfatning av at det er så vanskelig å lage mat utan kjøt eller fisk. Etter å ha snakka litt om det, så innser dei at det ikkje er så vanskeleg. Det handlar berre om ein litt annan måte å bygge opp måltida på, forklarar Mari-Louise på epost.

Hennar tre personlege favorittoppskrifter er grønsaksgryte med pastinakk, søtpotet og fennikel,dal og chapatiog taco med mango

LES OGSÅ: Appetitteleg hageblogg

Bibel-kjøt
Stort sett er tilbakemeldingane på bloggen positive, og spesielt denne paien med spinat og feta, har fått mykje skryt.

Kva er dei kjekkaste tilbakemeldingane du får?

­– Det er når folk fortel meg at dei har laga ein skikkelig god rett frå bloggen og at dei har kosa seg veldig med å lage maten, savar matbloggaren. 

Nettroll og andre uhumskheiter har ho ikkje store problem med.

– Men eg har møtt ein del skeptikarar som synest det er håplaust å lage mat utan kjøt. Det mest slitsame er å hamne i diskusjonar der folk meiner at vi er skapt til å ete kjøt eller at det står i Bibelen at vi må ete kjøt. 

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Transportproblem og helsefordelar
Så til det første – og viktigaste –spørsmålet: Grunngjevinga ein gjerne vil ha frå ein vegetarianar.  

– Hovudgrunnen er dyrevelferd. Eg ønskjer ikkje å støtte industriell kjøtproduksjon der dyra blir sperra inne i tronge bur og båsar. Transporttilhøva er også i mange tilfelle veldig dårlege og mange dyr døyr på veg til slaktaren, forklarar Mari-Louise, og legg til:

– Ein annan grunn er helsa. Eg føler meg sunn når eg har eit kosthald som består av mykje frukt, grønt, bønner og linser. Sannsynlegvis har eg mindre sjanse for å få hjertesjukdommar og kreft også. 

Vegetarforma bloggaren lever etter er litt spesiell, sjølv kallar ho det "tulleveggis", noko som betyr at ho et fisk av og til – sjølv om matbloggaren forsikrar om at ho i hovudsak berre et vegetarisk.

Merkar du at folk sine haldningar til vegetarianarar har endra seg sidan du vart det?

– Det er i alle fall mykje meir snakk om vegetarmat no enn før. Eg har også inntrykk av at det er fleire som prøvar å redusere kjøtforbruket sitt. I tillegg er det mykje lettare å få tak i vegetarmat ute på kafe og restaurant. Samstundes merkar eg at Noreg ligg eit stykke bak ein del andre land. Stader som København, Berlin, London, samt Australia og New Zealand er mykje flinkare med vegetaralternativa, avsluttar Mari-Louise, som i alle fall gjer det litt lettare å vere veggis i Noreg. 

 

På bloggen finn ein òg oppskrifta til sunnmørsklassikaren svele. Foto: Veggisbloggen

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.