Det er ikkje dyr alt som kan grillast

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje dyr alt som grillast

Grillsesongen er i full gang og kullrøyken siv opp frå hagar, parkar, brygger og bakgardar over heile landet. Sommaren er grillsesong, og for mange òg kjøtsesongen de lux. Sommarkotelettar, entrecote, T-beinstek, lammepølser, kyllingbryst… For mange er grillmat kanskje først og fremst kjøt.

Dette uroar fleire. Framtiden i våre hender publiserte tidlegare i sommar rapporten “Livsløpsgrillen”. I rapporten syner dei korleis nordmenn har dobla forbruket av kjøt dei siste førti åra.

Samstundes syner deira utrekningar at biffen er verre enn bilen for miljøet: Industriell kjøtproduksjon står for meir av klimautsleppa enn transport på verdsbasis.

LES OGSÅ: Mattradisjonen som forsvann

Ein veggisblogg blir fødd

Det får mange til å velje annleis. Ei av dei er Mari-Louise Uldbæk Stephan. Ho blei vegetarianar då ho var atten år. Tretten år etter driv ho “Veggisbloggen”, ein blogg der ho delar eigne oppskrifter og bilete av vegetarmat.

Ho fortel at ho starta bloggen i 2010, mellom anna på grunn av alle spørsmåla ho – som vegetarianar – fekk om kosthald frå folk som var nysgjerrige på vegetarmat.

– Utgangspunktet var at folk stadig spurte kva eg brukte å ete sidan eg ikkje åt kjøt. Eg tenkte at ein blogg ville vere ein bra måte å synleggjere det på. 

Ho fortel at bloggen har vakse jamt og trutt frå ho byrja.

– I starten var det ikkje så veldig mange andre enn venner og kjenningar som visste om bloggen, men det siste året har responsen auka. Det skuldast mellom anna at eg hadde eit kapittel i kokeboka "Matmisjonen – ekte mat fra ti bloggere" som kom ut Cappelen Damm i fjor.

Såg landbruket – blei vegetarianar

For Stephan var det møtet med landbruket som først gjorde at ho blei vegetarianar.

– Eg hadde også vore innom ein fjøs der kyrne var inne nesten heile året, samt ein stad der kyllingar nærast stod stabla opp på kvarandre. Dette gjorde inntrykk, fortel ho.

– Eg følte meg ikkje komfortabel med å støtte måten dyr vert behandla på i den industrielle kjøtproduksjonen.

LES OGSÅ: – Vi skyv dyret ut av kjøtet

Store utslepp frå kjøttproduksjonen

Miljøperspektivet fekk ho auga opp for etter kvart, fortel ho.

– Etterkvart byrja eg også å bry meg om dei miljømessige konsekvensane av det store kjøtforbruket i verda. 

Konsekvensane av kjøttforbruket i verda er ifølgje Framtiden i våre hender store.  Dei har rekna ut at kjøttforbruket vårt fører til at vi slepp ut mellom 0,5 og 0,8 tonn klimagassar kvart år. Det blir mellom 40 og 65 tonn med klimagassar i løpet av eit liv.

Men det er ikkje berre miljørørsla som er uroa for kjøttforbruket. Helsedirektoratet vil at vi skal redusere kjøtmiddagane til to-tre gangar i veka, og mengda av raudt kjøtt til maks 500 gram i veka.

Samstundes meiner dei at vi må auke mengda grønsakar, frukt og bær i kosten, til fem hundre gram dagleg.

LES OGSÅ: Dødsfrykt i kvar matbit

Grøn grillmat

Men korleis skal ein få i seg mindre kjøt og meir frukt og grønt? Eit besøk på bloggen til Mari-Louise kan gje ein grønsaksinspirasjon i massevis. Sjølv kallar ho seg grønsaksnerd.

– Det finaste med å vere vegetarianar er at ein får auga opp for alle dei flotte grønsakene som finst. Eg har blitt ein skikkelig grønsaksnerd som stortrivast med å ete mat i freshe fargar!

Og grillen, som for mange er synonymt med kjøtmat, er i følgje Stephan eit utmerka utgangspunkt for å lage vegetarmat.

– Veggisburger, fylt sopp, fylt paprika eller grønsaksspyd er gode vegetaralternativ. Ein fyldig salat til kan eg òg tilrå, seier ho.

Grillfavorittane til veggisbloggaren

I høve grillsesongen bad vi Mari-Louise dele sine favorittsommaroppskrifter. Her har du tre av oppskrifter frå bloggen hennar:

Gratinert aubergine er herleg sommarmat. Dette kan enten lagast i omnen eller på grillen:

2 auberginar
2 fedd kvitlauk
100 gram rista brødsmular
4 spiseskeier olivenolje
250 gram mozzarella

1 neve fersk persille
1 neve fersk basilikum
salt
pepar

• Sett omnen på 200 grader.
• Skjer auberginane i to.
• Kutt djupe rifter i auberginen utan å skjere i skalet.
• Kutt opp kvitlauken i små bitar.
• Klipp persillen i små bitar.
• Bland saman kvitlauk, persille, brødsmular og halvparten av olivenoljen.
• Smør blandinga over auberginane.
• Hell over resten av olivenoljen.
• Ha auberginane i ovnen til dei er gyldne.
• Skjer opp mozzarellaen i tynne skiver.
• Legg osten på auberginane og ha dei i omnen til osten har smelta.
• Strø over basilikum.

Veggisburger finst i veldig mange ulike variantar. Desse er laga av raude linser og er supre å ha med på grilling.

2 koppar raude linser, blautlagte
1 lauk
2 gulrøter
2 fedd kvitlauk
5 stk. sjampinjong
1 kopp brødrasp
1 teskei garam masala
1 teskei chilipulver
4 spiseskeier fersk persille
1 spiseskei salt
pepar

3 egg

Hamburgerbrød
Salat
Tomatar
Agurk
Dressing
Lauk

• Skjer opp lauk, gulrøter, kvitlauk og sopp.
• Steik grønsaker og sopp i litt olje på ei steikepanne.
• Tilsett krydder, linser, brødrasp og litt vatn.
• Rør godt og la det steike i fem minutt.
• Sett det til sides og avkjøl.
• Bland inn egga.
• Form deigen i passelige burgarar.
• Steik den på panna, ca. 5 minutt på kvar side på middels varme.
• Skjer opp salaten, varm opp burgerbrøda og klask saman!

Ein fyldig salat høyrer med på eit bognande sommarbord!

1 porsjon

Ingredisensar:

1 avokado
125 gram fersk mozzarella
1 dl bulgur
1/2 kopp kokte kikerter
2 koppar ruccolasalat
10 cherrytomatar
4 spiseskeier olivenolje
1 spiseskei sitronsaft
salt
peppar

Slik gjer du:

• Kok opp bulgur som anvist på pakken.
• Klem ut væsken av mozzarellaen med eit kjøkkenpapir.
• Skjær opp mozzarella, avokado og cherrytomater i bitar.
• Rør saman oljenolje, salt, peppar og olje.
• Ha alle ingrediensane i en djup tallerken.
• Ha over oljeblandinga.