Appetitteleg hageblogg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kona sakna den gode maten. Det vert ikkje like god mat når ein ikkje har nokon å leggje ut skrytebilete til, seier Anders Totland, om kvifor han har blese nytt liv i bloggen «Frå hage til mage», som er denne Vekas blogg.

Mang ein kjøkenhage- og matglad lesar kan gle seg over at bloggaren med heimedyrka mat gjorde comeback i januar, under eit halvt år etter at han takka for seg i bloggverda. No er bloggen med i tevlinga om å verte verdas beste nynorske blogg.

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

Spirande liv
Juryen meiner at «Frå hage til mage» er ein blogg med flotte bilete som kan inspirere kven som helst til hagestell og matlaging.

Sidan førre sommar har det vore stille frå kjøkenhagen og matbordet til Anders Totland heime i Kvinnherad. Han ville tilbringe meir tid med borna enn å blogge. Men med våren kom inspirasjonen til å starta på ny. I tillegg skal han snart ut i pappapermisjon med kjøkenhageassistent nummer tre, og får då betre tid til å både ta seg av born og å skrive anna enn nyheitsstoff.

Til dagleg jobbar Totland som journalist i Bladet Sunnhordland. Utdanningsvegen hans gjorde eit hopp frå fagbrev som kokk til å verte samfunnsvitar. Han er med andre ord ekspert på halvparten av det han bloggar om – mat.

Bloggen vart fødd i 2011, ikkje lenge etter born nummer to. Då hadde han nytt hus med hage, noko som saman med pappapermisjon var den ideelle starten for ein blogg.

– Det var mest på tull at eg byrja å leggje ut bilete av det eg gjorde, fortel 27-åringen.

Men blogginnlegga fekk mykje god respons og fleire følgjarar relativt raskt, noko som inspirerte til meir blogging. No har bloggen hans hatt til saman nesten 140.000 sidevisningar sidan starten, og i 2012 fekk han andreplassen i Nationen si kåring av beste bygdeblogg.

Tips om squashdyrking i brusflaskedrivhus og eit vell av rabarbraoppskrifter har falt i smak, særleg hjå vaksne damer som har funne fram til den vesle hagekroken på nettet.

LES OGSÅ: Mannen med den populære skrifta

Løk og pallekarmar
Tilbakemeldingane er utelukkande positive. Unnateke den eine gongen ein lesar peika på at laukringane såg svidd ut.

– Og det var dei, medgjev kokken.

Netthetsen som kjem ein matbloggars veg er ikkje den tøffaste.

– Men det kan vere litt kjipt når framande ringjer for å spørje om alt mogleg rart. Medan eg stod og måla huset ringde telefonen, då eg kom meg ned og tok han var det ein mann som hadde eit spørsmål om pallekarmar, fortel den bloggande journalisten.

Når kokken vert spurt om å dra fram sine topp tre oppskrifter vel han ut: Sure (og sinte) bondepiker – dei tilslørte bondepikene si ublide stesøster, Blom frites – friterte squashblomar og Skvallerkålpesto – eit ugras som kan gjere nytte for seg.

Sistnemnde er òg hans nest mest leste innlegg gjennom tidene, berre slått av ei smakfull knokesuppe.

– Har du nokre tips til andre bloggarar?

– Gjer noko gøy. Det gjeld generelt i livet, og også for bloggarar, meiner den matglade kjøkenhageentusiasten.

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Har du tips om andre gode nynorske bloggar som burde vore nominert? Skriv inn her!


Slik ser det ut når Anders Totland lagar pesto med skvallerkål i. Foto: Anderstotland.com