Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er vekas blogg

Anita Stokke Blomvik frå Ørsta har gått frå å lage middag av Toro-posar, til å vere ein ivrig kokk, som lagar det meste frå botnen av. Inspirasjonen til dette fekk ho mellom anna frå ulike bloggar.

No freistar ho å inspirere andre gjennom bloggen sin: Kvardagsmat.no, som er den første «Vekas nynorske blogg». 

– Oj, då, kor kjekt! er bloggaren sin første spontane reaksjon på nominasjonen.

Smakfull blogg
Kvar veke resten av året vil Framtida i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom kåre ein vekevinnar. Av desse vil ein verte kåra til verdas beste nynorske blogg, og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

Juryen tykkjer at vekas blogg er fin og oversiktleg, med gode bilete.

I tillegg vert det publisert nye oppskrifter ofte og det er lett å finne fram.

Juryen likar konseptet «Heimelaga – men enkelt»og tykkjer i tillegg at bloggaren nyttar eit godt og lett forståeleg språk.

Aukande lesarskare
Når ho ikkje bloggar studerer Anita Stokke Blomvik planlegging og administrasjon på Høgskulen i Volda.

30-åringen frå Sunnmøre kan gle seg over at den nynorske matgleda hennar ser ut til å smitte på nett.

– Det som er kjekt er at talet har auka frå kvar månad. I desember var det vel 2000 som var innom, i januar var det 35.000 og i februar 85.000 i løpet av månaden. Det vil nok flate ut litt, men at det er så mange som kjem tilbake og søkjer opp bloggen er fantastisk kjekt, tykkjer hobbykokken, som i tillegg har over 40.000 følgjarar på Facebook.

Saka fortset under biletet.


Kyllingsuppe med nanbrød har vorte ein lesar-hit. Foto: Kvardagsmat.no

LES OGSÅ: Smittande matglede

Frå Instagram til blogg

Kvifor bloggar du?

– Først og fremst fordi eg synest det er kjekt. I tillegg håpar eg på å inspirere andre til å lage meir mat frå botnen når dei ser at vi får det til.

Kva tid starta bloggen?

– Eg starta først på Instagram, og hadde ikkje tenkt å lage blogg. Etterkvart vart det Facebook i tillegg, men ingen av dei var fullgode alternativ. Dermed blei bloggen starta i september 2013.

Kva har du lært sidan den gong?

– Eg gjekk mange rundar med meg sjølv før eg starta bloggen, fordi eg tenkte at det kom til å bli så mykje negative kommentarar. Eg ville lære å ta betre bilete og lage mat, og dei behova fekk eg på ein måte dekka gjennom Instagram og Facebook. På den typen sosiale medium er det gjerne slik at om du likar noko så gir du uttrykk for det, og er det noko du ikkje likar så held du det for deg sjølv. I bloggverda hadde eg inntrykk av at det var annleis, men slik har det heldigvis ikkje vore. Å blogge har hittil berre vore ei positiv oppleving.

Kva er dine beste tips til bloggarar?

– Å leggje ut innlegg med jamne mellomrom og å halde deg til ein ”spesialitet”. På min blogg finn du mat og ikkje skiturar, yoga eller hagearbeid – sjølv om eg likar nokre av dei aktivitetane også.

LES OGSÅ: Bloggar er årets nynorskbrukar

Anitas favorittar
– Kva er dine topp tre oppskrifter?

Superenkel fiskegrateng

Lasagne med grønnsaker

Iskake med nonstop (sjå biletet under)


Foto: Kvardagsmat.no

Kva innlegg er ditt mest populære?

Kyllingsuppe med nanbrød 

Kva er dei kjekkaste tilbakemeldingane du får?

– Når nokon har laga ein av rettane eller kjem med innspel og deler oppskrifter.

Kva er dei kjipaste tilbakemeldingane du får?

– Det har det heldigvis ikkje vore mykje av, og dei få det har vore vel eg å oversjå og ikkje fokusere på. Til lags åt alle kan ingen gjera!

Som ei ekte dotter av Ørsta siterer bloggaren Ivar Aasen, og held i liv i hans språklege arv ved å dele nynorsk kvalitetsmat på verdsveven.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!