Ikkje liksom-forsking

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om forskarane veit mykje om språk og dialektar, veit dei lite om korleis språket vert brukt av barn og unge på skulen, med vener og heime.

LES OGSÅ: Finsk språkuvilje

I Forskingskampanjen 2014 skal den ubrukte språkkunnskapen blant norske elevar løftast fram. Det skriv Universitetet i Oslo på sine nettsider.

Elevane skal innhente data
På miljølære.no registrerer elevane ein profil og svarar på spørsmål som «Kva er ditt favorittord?». Gjennom å mellom anna svare på spørsmål, lytte til andres språkprøver og reflektere over eige forhold til språk, skal elevane vere med å finne likskapar og ulikskapar i måtar å snakke på.

Elevane skal også undersøke kva ord dei bruker som dei vaksne ikkje kan, om eldre og yngre elevar brukar ulike ord, og om gutar og jenter snakkar ulikt. Dei skal undersøke kva som er andres favorittord og undersøke kva ord tyder.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Kom deg ut!

Prosjektleiar Bente Ailin Svendsen understrekar til UiO at det ikkje er snakk om forsking på liksom.

– At elevane sjølv er med og innhentar data gjer ikkje forskinga mindre relevant. Dette er ikkje noko leikeforsking, seier ho.

Er du lærar? Her kan du melde på klassen din.

Ubrukt kunnskap
Lærar Henrik Krogvold Helseth meiner at elevane sine språkkunnskapar generelt er store.

– Forsking blir så engasjerande fordi det ligg nærme barns natur. Det bur sterke oppfatningar i elevane om kva som er riktig språk og kva som ikkje høyrer heime i skulekvardagen. Mange har språkkunnskap som dei prøver å ikkje bruke på skulen, seier Helseth til UiO.

Han meiner at Forskingskampanjen kan gjere elevane medvitne og vere med på å anerkjenne elevane sin språkkunnskap.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Faktaboks

Forskingskampanjen 2014

Forskingskampanjen vert arrangert kvar haust.

Kampanjen er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Senter for miljølæra og eit forskingsmiljø som skiftar frå år til år.

Årets tema er kommunikasjon.

Kampanjen heiter «Ta tempen på språket!».

Årets kampanje er den første som ikkje er naturvitskapleg basert.