Slik «skriv» du sognemål

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skriv du på dialekt?

 Det er delte meiningar om dialektbruk på Facebook og Twitter – altså dialektar i skriftleg form.

– Nokon tykkjer det er heilt forferdeleg, men eg tykkjer det er heilt greitt, seier Øystein Vangsnes. Han er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, og skreiv boka «Grautmål» saman med Arve Uglum for fire år sidan, basert på radioserien med same namn på NRK Sogn og Fjordane.

Radioserien tok for seg dialektord ringt inn av lyttarar i vestlandsfylket, og i boka har Vangsnes bidrege med djupare og, ifølgje han sjølv, tørre forklaringar på kva eit utval av dei mange orda kjem av samt kvifor og korleis dei blir brukt som det blir.

Meir skriftleg enn nokon gong

Dialektar har alltid vore viktig for nordmenn, og med Facebook og Twitter har me fått nye kanalar til å visa dialekten på. Her skriv mange dialekt framfor standardspråket – altså bokmål eller nynorsk. Sjølv om mange fryktar dialektskrivinga i sosiale medium, og meiner det fordervar standardspråket, meiner Vangsnes skulane heller bør dra nytta av det.

– Alle produserer meir tekst enn før, takka vere sosiale medium og andre nye elektroniske kommunikasjonskanalar. I staden for å dømma dialektbruken nord og ned, bør skulane ta tak i kompetansen som følgjer med når ungdom sjølve utviklar ein skriftleg variant av eigen dialekt. I dette ligg det ei kjelde til refleksjon over skilnaden mellom munnleg og skriftleg språk og språkleg variasjon.

Nærare identiteten

– Det er mykje me ikkje veit. Gjeld dette heile landet, eller mest der nynorsken står sterkt? Er det mest dei unge som gjer det, eller førekjem det også blant eldre? Eg trur det er mest vanleg blant ungdom, seier Vangsnes. Han skulle gjerne visst meir, men han har nokre tankar om det.

– Eg trur, med vekt på trur, at det er meir utbreidd i Nord-Noreg. Der er ikkje nynorsk naturleg å ty til, og bokmålet ligg òg langt unna talemålet. I den situasjonen blir dialekten eit viktigare uttrykk for nordnorsk identitet.

 

Under Boknatti i Fjærland snakka Øystein Vangsnes om «Grautmål», ei samling av dialektord frå Sogn og Fjordane med analyser av bruken. Til høgre sit Eivind Ødegård, dagleg leiar i Bokbyen i Fjærland.

Sjølvnormerande

Finst det skrivereglar for dialektane? Nei, på ingen måte. «Alt» er lov, og Vangsnes trur det ville gått dårleg om Språkrådet skulle setja seg ned og laga eit regelverk for dette.

– Det strir imot det individuelle i dialektbruken, og eg trur det er eit poeng i seg sjølv. Dialektbruken er sjølvnormerande.

Han nyttar sunnmøringane som eit døme.

– Skal dei til dømes skriva «eg» og «meg» så blir det «ej» og «mej», og ikkje «ei» og «mei», som det like godt kunne ha vore. Eg veit ikkje kvifor, det har berre blitt etablert slik.

Kva gjer du?

Det er med andre ord ikkje nokon riktig eller feil måte å skriva dialekt på.

– Med den rette pedagogiske innstillinga kan dialektskriving bidra til å styrka språklege ferdigheiter, i staden for å svekka standardspråket, avsluttar Vangsnes

Kva med deg sjølv? Skriv du dialekt på Facebook, Twitter, Instagram osb.?

Faktaboks

På sosiale medium skriv mange på si eiga dialekt, framfor standardspråket

Mange meiner det bidreg til å svekka standardspråket

Professor i nordisk språkvitskap, Øystein A. Vangsnes, meiner me heller bør utnytta kompetansen som ligg i at ungdom sjølve utviklar ein skriftleg variant av eigen dialekt.

Vangsnes skreiv boka «Grautmål» saman med NRK-journalist Arve Uglum i 2010. Boka tek føre seg radioserien til NRK Sogn og Fjordane med same namn.

Boka og radioserien ser nærare på dialektord i Sogn og Fjordane, kvar dei kjem frå og kvar dei blir brukt.