– Vi vart overraska over kor godt soldatar i førstegongsteneste trivst under militær disiplin.

Det seier professor i sosiologi og gjesteforskar ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, Ulla-Britt Lilleaas.

Saman med sosiolog og forskar Dag Ellingsen har ho undersøkt korleis jenter og gutar i 18-20 årsalderen taklar å leve under eit regime som mange vil skildre som svært fysisk krevjande, ufritt og utan moglegheiter for privatliv.

Hadde fordommar
Lilleaas og Ellingsen har intervjua over 70 vernepliktige og befalet rundt dei, i Hæren og Sjøforsvaret.

– Då vi byrja feltarbeidet trudde vi at vi skulle avsløre at soldatane mislikte den strenge disiplinen. Dei bur langt unna sivilisasjonen, utan tilgang på til dømes Internett og uteliv. Dagane er prega av rutinar. Soldatane må stå opp grytidleg for vasking og inspeksjon, mat og oppstilling, og slik held det fram til kvelden. Vi var sikre på at soldatane tykte det var kjedeleg, og at mange ikkje trivst, fortel ho, og legg til:

– Vi hadde nok mange fordommar.

LES OGSÅ: Slutt på griseprat på fellesrom

Biletet soldatane teikna synte seg å vere stikk motsett.

– Det var ingen som klaga over at dei budde isolert eller ikkje hadde tilgang til sosiale medium eller liknande. I staden fann vi at soldatane var overraskande positive når dei fortalde om utfordringane i Forsvaret, fortel Lilleaas.

Studien syner at soldatane kjenner seg til nytte og som del av noko større enn seg sjølv. I Forsvaret vert dei fortalt kva dei skal gjere, og dei løyser vanskelege oppgåver saman med andre. Dei slit saman og taklar kulde, mangel på svevn og svolt saman. Dei blir òg kjende med folk dei aldri trudde dei skulle komme i kontakt med, og uniformen skjuler dei sosiale markørane. Særleg jentene trakk fram dette som positivt, fordi kroppspresset vart mindre.

LES OGSÅ: Jublar for verneplikt for kvinner

– Vi følgde soldatane gjennom heile førstegongstenesta. Rett før dei skulle dimittere intervjua vi dei for tredje gong. Nokre gleda seg til å kome heim, andre ville søkje seg vidare i Forsvaret. Men alle var veldig nøgde og hadde trivest heile året, sjølv om dei hadde levd under heilt spesielle vilkår, fortel Lilleaas.

Spesiell garnison
Lilleaas strekar under at garnisonen i Hæren, som er anonymisert, er spesiell på fleire måtar. Tenesta er svært fysisk og psykisk krevjande, og jenter og gutar søv på same rom. Avdelinga er populær, og soldatane har gjennomgåande høgare fysisk og/eller intellektuell skår enn gjennomsnittet i Forsvaret.

– På andre avdelingar var det ikkje like bra miljø. Det kunne vere meir mobbing av jentene, til dømes. Opplevingane av Forsvaret er nok veldig varierte og det er ikkje slik overalt. Men dette er eit spanande og bra døme, som også er viktig å få fram, meiner forskaren.

Overveldande valfridom
Lilleaas og Ellingsen meiner ein del av forklaringa på at ungdommane trivst så godt ligg i at dei kjende på noko dei ikkje hadde kjent på før.

Sjølv om militæret inneber hard fysisk og psykisk læring, opplever soldatane meistring og felleskap når dei alle vert viktige for å løyse oppgåvene. Og der straff og displinering vert kombinert med oppmuntring, tillit og ansvar, fekk soldatane godt grunnlag for å handtere det slitsomme tilværet. I Forsvaret følte soldatane at dei ver sett og teke på alvor.

LES OGSÅ: Lise er bås på Noregs største krigsskip

I tillegg diskuterer forskarane om det kan vere slik at den store valfridommen på «utsida» vert opplevd som overveldande for mange, og at det difor er godt å kome inn i eit regulert felleskap. I artikkelen Den gode tvangen skildrar dei korleis mange unge i dag veks opp i «forhandlingsfamiliar», der eteetid, sovetid og vekepengar kan forhandlast om.

– Tidlegare var foreldre, skule og mange fritidsaktivitetar prega av ein autoritær stil. I dag meiner mange at mykje av denne displinære kulturen er borte, skriv Lilleaas og Ellingsen i artikkelen.

Den tyske sosiologen Thomas Ziehe har kalla endringa overgangen frå eit skjebnesamfunn til eit valsamfunn.

– Å ha veldig mange val kan vere tungt for ein som ikke veit kva han skal velje. Det kan opplevast som eit umogleg krav. Soldatane tykte det var fint å få nokre klare instruksar om kva dei skal gjere, seier Lilleaas.

LES OGSÅ: Forsvaret innfører kjøtfri dag

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE