Lise er bås på Norges største krigsskip

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bås på Norges største krigsskip

KNM Fridtjof Nansen har nyleg avslutta sitt oppdrag som flaggskip i Nato sin antipirat-operasjon Ocean Shield i Adenbukta og Det indiske hav. Med på oppdraget var radværingen Lise, som har jobba som bås på fregatt sidan august i fjor, skriv Nordhordland.

Båsen er leiar for takkeldetaljen, som består av to matrosar, to lærlingar og tre vernepliktige. Takkel står for alt som har med sjømannskap å gjera, blant anna sleping, fortøying, ankring og måling. Ho er med det ansvarleg for alt av vedlikehald og sjømannskap på Norges største krigsskip.

LES OGSÅ: Vil på jakt i romjula

– Eg har ein gjeng med mykje ulik bakgrunn og kompetanse. Til saman utfyller dei kvarandre veldig bra, og er ei kjempeflott gruppe. Vi vert flinkare og flinkare, og eg er veldig glad for at vi beheld dei over nyttår, seier båsen sjølv.

Får mykje ansvar
Når fartøyet seglar er takkel involvert kvar gong det skjer noko. Det kan vera å hjelpa havaristar eller å klargjera for utsetting av bordingslag. Det set store krav til leiarskap for å ta vare på tryggleiken til alle til ei kvar tid.

– Ein veks i jobben, og ein vert fort vaksen gjennom ansvar. Tida går fort, for vi seglar mykje og det skjer mykje, seier Lise.

Replenishment at sea (RAS) er det mest kompliserte og utfordrande fartøyet gjer i fredstid. RAS er når skuta skal fylla drivstoff medan dei seglar. Fregatten er då fastspent med ein anna båt i fart, festa med vaier og tau, medan ein drivstoffslange vert kopla til fartøyet.

LES OGSÅ: Folk strøymde til kinoane

– Med 15 knop og 50 meter mellom oss, kombinert med mykje sjø og spenning med tau og wire, er det ein viss risiko med RAS. Eg føler likevel at tryggleiken er god. Vi er ein godt samkøyrt gjeng som er godt førebudd. Vi gjer gode tryggleiksvurderingar, samt at vi har mange treningstimar bak oss, fortel ho.

Ein stor dose rutinearbeid og ein del uføresette ting gir uansett store opplevingar for mannskapet, som for meste av tida er over le, altså utandørs.

– Det er ei spesiell kjensle å jobba på sjøen. Kjensla når bølgene står på som verst, eller når du ser på stjernehimmelen. Eg har aldri sett ein stjernehimmel som her nede, seier Lise.

Fekk tidleg smaken på sjølivet
Lise vaks opp på Skjenet, ein liten plass på Hella på Radøy. Påverka av onkelen sin ønska ho tidleg ei teneste på sjøen. Etter grunnkurs elektro og sjøfartsfag på Bergen maritime, tok ho læretida si i Kystvakten.

Lise hadde skikkeleg fått smaken på sjølivet, men higa etter meir ansvar og utfordringar. Reisa hennar held fram da til Befalsskolen for Sjøforsvaret, før ho til slutt hamna på fregatt som bås.

– Frå tida eg begynte i vedlikehaldsbesetninga til no, har det gått slag i slag. Eg visste verken fram eller bak då eg gjekk inne i båten som hadde ein haug med nye system eg ikkje ana nokon verdas ting om, seier Lise.

LES OGSÅ: Her er julesongane musikk-Noreg høyrer på

Gode erfaringar
KNM Fridtjof Nansen redda for kort tid tilbake 13 havaristar som hadde gitt opp alt håp om å bli redda. Lise fekk kjenna dette tett på kroppen.

– Eg og mitt personell tok imot havaristane om bord. Dei var tydeleg medtekne, men dei skulle takka alle dei møtte på sin veg. Eg følte stor nytteverdi og meining med at vi er her då eg såg kor langt nede dei var, og at det var tydeleg at vi redda livet deira, fortel ho.

Då mannskapet på fregatten besøkte den amerikanske destroyeren USS Gettysburg, fekk Lise seg litt av ei overrasking då ho vart tildelt lugar.

– Eg skjønte ingenting då eg vart geleida til lugaren eg skulle overnatta i. Eg som er vand med å dela rom med tre andre jenter på få kvadratmeter fekk sjokk då eg vart plassert i admiralsuiten. Dobbeltseng med gulltrekk, sju TV-skjermar, eigen stove og mykje anna. Det var rett og slett kjempegøy, fortel ho.

LES OGSÅ: Dei aller verste katastrofane

Gler seg til jul
Som resten av besetninga om bord gler Lise seg veldig til jul. Lørdag klappa fregatten til kai på Haakonsvern, og heile familien var på plass for å ønska ho velkommen heim igjen. På spørsmål om kva ho saknar mest når ho er ute, kjem svara på ei snor.

– Stemora mi si blomkålsuppe, familie og vener, eta det eg vil når eg vil, sjå på TV, sjå på nyheitene, gå i sivile klede, vera åleine, gå tur i fjellet, fiska og Tre nøtter til Askepott med julestrømpa i fanget.

Over nyttår skal Lise og besetninga ut i nok eit oppdrag. Då skal dei segla fregatten KNM Thor Heyerdahl i nordlege område, samt Middelhavet.

LES OGSÅ: Den flygande strikkegensaren

Les saka i Nordhordland!