Tredje gongen svarte helsesøster

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var uroa for ei venninne som ikkje hadde det bra og ville snakke med helsesøster. Dei to første gongane var ho ikkje der, først tredje gongen fekk eg tak i ho, fortel Agnes Viljugrein (17).

LES OGSÅ: Fryktar dårlegare helsetilbod til barna

Ein dag i veka
På Viljugrein sin vidaregåande skule i Oslo er helsesøster tilgjengeleg ein dag i veka for om lag 600 elevar. Det er ikkje godt nok, meiner den engasjerte eleven.

For sjølv om politikarane snakkar om at dei skal arbeide mot fråfall og satse på psykisk helse for unge, ser ikkje Viljugrein resultat av dette.

Ho trur ei betre skulehelseteneste er eitt av dei viktigaste tiltaka som bør gjerast for å hindre fråfall i vidaregåande skule.

Torsdag inviterte UngOrg i samarbeid med Sentralt Ungdomsråd i Oslo og UngMed til Ny debatt på Litteraturhuset i Oslo.

Saman med Sogn og Fjordande, er Oslo det fylket i landet som har lukkast best i å stogge fråfallet i den vidaregåande skulen. I desse fylka fullfører 75 prosent av elevane. Landssnittet ligg på rett under 70 prosent.

Men kva med dei siste 25 prosentane som fell frå? Kva skal til for at desse Oslo-elevane ikkje missar lysta og gjev opp?

LES OGSÅ: Pressar på for fleire helsesøstrer

Uroa for medelevar
– Fråfall er ikkje eit isolert problem, men summen av det norske elevar har gått igjennom, seier leiar i Elevorganisasjonen Oslo, Rahman Chaudry, som sit i debattpanelet saman med bystyrerepresentantar for Ap og Venstre, sosial entreprenør Sherry Hakimnejad og skuleleven Agnes Viljugrein.

Bakgrunnen for debatten er ein kommentar i Aftenposten skriven av Viljugrein. Under tittelen Elevene som sliter skriv ho om sin uro for tidlegare klassekameratar, som har hatt problem på skulen lenge, og kor viktig det er for elevane å verte sett og oppmuntra av ein god lærar.

Læraren er utan tvil viktig, men kan ikkje gjere heile jobben åleine.

– Ifølgje Utdanningsforbundet skuldast 21 prosent av fråfallet psykiske problem, peikar Venstre-politikaren Julianne Ferskhaug på. Ho sit i Kultur- og utdanningskomiteen i Oslo bystyre.

LES OGSÅ: Halvparten gjekk til helsesøstrer

Helsesøstrene som ikkje kom
Venstre gjekk til val på at dei ville ha 1000 nye helsesøstrer på landsbasis. Men dei er ikkje dei første som har freista å gjere noko med problemet.

Fordi det manglar 850 helsesøstrer løyva regjeringa-Stoltenberg 180 millionar til kommunane for å betre skulehelsetenesta og helsestasjonar for unge. I følgje ei undersøking tidsskriftet Sykepleien har gjort har under halvparten av desse pengane gått til det dei skulle. I beste fall har det vorte 135 nye årsverk, der Helse- og omsorgsdepartementet venta at løyvinga ville gi 300 årsverk.

Viljugrein er ein av dei som har fått erfare at skulehelsetenesta ikkje strekk til. Ho meiner at når politikarane gjev pengar til tiltak i skulen er det viktig at det presiserast kva pengane skal gå til.

Per Anders Torvik Langerød (Ap) sit med Ferskhaug i Kultur- og utdanningskomiteen i Oslo bystyre. Han legg seg flat og medgjev at situasjonen Viljugrein skildrar i skulehelsetenesta er for dårleg, fordi det ikkje har vorte prioritert høgt nok.