Fryktar dårlegare helsetilbod til barna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at samhandlingsreforma trødde i kraft for eit år sidan, har kommunane fått styrkt budsjetta sine, men samtidig får dei ei rekning frå sjukehuset dersom kommunen ikkje har eit tilbod til dei ferdigbehandla pasientane.

– Eg er engsteleg for at dette vil gå ut over tilboda til barn. Kommunane vil sannsynlegvis heller bruke pengar på eldre og sjuke dersom alternativet er at dei må betale for dei på sjukehus, seier Lindboe til Aftenposten.

LES OGSÅ: Fleire tusen manglar helsestasjon

Ho har sjølv retta merksemda mot helsesøstrer og skulehelsetenesta, men fryktar at kommunane vil spare pengar på desse områda fordi det på kort sikt ikkje får økonomiske konsekvensane. Ifølgje

Helsedirektoratet manglar det 1.500 helsesøsterårsverk.

– Det er dårleg samfunnsøkonomi. Vi veit allereie at kommunar med god skulehelseteneste og nok helsesøstrer har færre utgifter til barnevernet i den andre enden, seier ho. (©NPK)