Noregs Mållag fryktar kva regjeringa sitt forslag om kutt i støtta til lokalaviser vil ha å seie for nynorsken.

mm
Faktaboks

Nynorskaviser med opplag mellom 4000 og 6000 (støtte 2013):

• Firdaposten (430.985)

• Fjordingen (430.985)

• Hordaland folkeblad (361.024)

• Møre-nytt (430.985)

• Nordhordland (640.868)

• Os og Fusaposten (361.024)

• Strilen (640.868)

• Vestlandsnytt (361.024)

• Vest-Telemarks blad (430.985)

• Vikebladet Vestposten 430.985

LES FAKTALUKK FAKTA

– Mange stader er lokalavisene heilt avgjerande for at folk skal kunne sjå nynorsk i skrift, så lenge dei store riksavisene ikkje opnar for nynorsk i spaltene sine, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Slik vil dei endra Noreg

Kutt på 13 millionar
I går sendte Kulturdepartementet ut eit høyringsbrev med forslag til endringar i pressestøtta.

Forslaget går mellom anna ut på å kutte støtta til lokalaviser med mellom 4000 – 6000 i opplag, som er størst eller åleine på sin utgjevarstad. Kulturdepartementet viser til at denne avisgruppa jamt over har god økonomi, men vedgår at nokre aviser vil få problem utan støtta.

Med å setje den øvre opplagsgrensa for slik støtte ned, frå 6000 til 4000, reknar regjeringa med å spare 13 millionar i året.

På departementet sine heimesider uttalar kulturminister Thorhild Widvey at forslaga til endringar i pressestøtta vil kunne bidra til å gjere ordninga meir treffsikker og pressa mindre avhengig av statlege støttetiltak.

28 norske lokalaviser, av desse ti reine nynorskaviser og fire aviser med begge målformer, vil verte råka av eit slikt kutt.

Mållagsleiaren er uroa for både demokratiet og språket i dekningsområdet til dei avisene som er i faresona.

– Forsvinn ei nynorskavis, er dei fleste stadene det næraste alternativet ei regionavis på bokmål. Både demokratiet og språkmangfaldet er avhengig av stort avismangfald. Kvar einaste lokalavis er viktig i Noreg, seier Tennø som meiner det vil vere uklokt å kutte i pressestøtta i ei tid som er vanskeleg for avisene.

LES OGSÅ: Nettaviser får pressestøtte

Urolege lokalaviser
Òg Landslaget for lokalaviser (LLA) er uroa, og lovar å arbeide mot eit slikt kutt.

– Dersom dette blir gjennomført vil det måtte gå utover journalistikken, og det midt i ei krevjande tid der avisene sine inntekter frå lesarar og annonsørar er under press, seier Rune Hetland, generalsekretær i LLA, i ei pressemelding.

Hetland peikar på at dette skjer samstundes som aviser skal bruke ressursar på å knekke koden for inntekter på den digitale publiseringa. Han reagerer ekstra på at det blir lagt opp til at endringane skal gjelde allereie frå 2014.

– Det vil vera ein respektlaus måte å behandle avisbedrifter på at dei får avklart rammevilkåra først langt inne i driftsåret, seier Hetland, som peikar på at det er store variasjonar i økonomien.

Han er einig i at mange vil klare seg greitt utan støtta, men seier fleire vil slite og få store vanskar fort.

– Det må vera lov å ha økonomisk solide aviser som kan vera sterke stemmer i og frå sine lokalsamfunn. Dei bør ikkje straffast for å drive godt, meiner generalsekretæren i LLA.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48
ANNONSE