Nettaviser får pressestøtte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pressestøtta skal endrast frå 1. januar slik at ho vert gitt uavhengig av om avisene kjem ut på papir eller digitalt. Det er halvanna år sidan regjeringa presenterte modellen. Tajik opplyser til Klassekampen at arbeidet er i rute.

– Vi er allereie inne i ei digital brytingstid. Då er det eit paradoks å ha ei pressestøtte som regelrett motverkar utviklinga. Det må vere opp til den enkelte redaksjon korleis ein satsar på det digitale området, men pressestøtta skal i alle fall ikkje vere eit hinder, seier Tajik.

LES OGSÅ: Jentekull til nynorsk avissenter

Høgre: Eit framsteg
Høgres kulturpolitiske talsmann Olemic Thommessen gler seg over at Tajiks arbeid er i rute. Han varslar at Høgre kjem til å lose reforma i hamn dersom dei borgarlege vinn valet.

– Vi meiner ein plattformnøytral pressestøtte er eit framsteg, seier Thommessen.

Samtidig er det frå før kjent at Høgre ønskjer å kutte pressestøtta med 100 millionar kroner.

Frp vil kutte støtta
Framstegspartiet ønskjer på sin side å redusere pressestøtta med 180 millionar kroner og på sikt avskaffe heile ordninga. Tajik er glad for Thommessens støtte, men er samtidig skeptisk til at Høgre ønskjer kutt.

– Eg er glad for å høyre at Olemic Thommessen vil sjå denne omlegginga igjennom. Men det hjelper fint lite når han samtidig vil kutte pressestøtta med 100 millionar kroner. Ein blir sitjande igjen med ein ny modell, men med færre pengar å fordele, seier Tajik.