Skal tala 150000 elevar si sak

Liv Holm Heide (19) er vald til leiar av Elevorganisasjonen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har mange tankar og saker som eg tar med meg etter å ha høyrt på kva alle elevane på Elevtinget har snakka om. Ei særleg viktig sak er å sikra at alle elevar får den undervisinga dei har krav på. Det er trong for mange fleire lærarar, og ikkje minst mange gode lærarar, understrekar Liv Holm Heide.

Elevtinget valde ut tre hovudsaker for det komande året.
• Opprusting av verkstadane på yrkesfag
• Undervisingsevaluering
• Rettferdig sluttvurdering med anonym vurdering og ny og annleis eksamen

– Ikkje minst vil stortingsvalet ha eit sterkt fokus for oss framover, seier Liv Holm Heide.

LES OGSÅ: Skal jobba for valdsfrie skular

– Heilt utruleg
– Det er veldig spennande, og heilt utruleg å bli vald. Tanken er litt overveldande. Eg er veldig glad for at Elevtinget gav med denne tilliten, seier Liv Holm Heide til Framtida.no.

Ho gjekk ut av Sogndal vidaregåande skule i fjor, same år som ho blei valt inn i sentralstyret for Elevorganisasjonen. Det siste året har ho vore ansvarleg for ungdomsskulesaker i organisasjonen. 1. Juli tar ho formelt over som leiar.

Ho gler seg til å koma i gang med arbeidet.

– Det skal bli deileg å koma på kontoret igjen, seier ho.

LES OGSÅ: Oppmodar elevar til aksjonar

I søstera sine fotspor
Storesøstera til Liv, Anna, blei valt til leiar for Elevorganisasjonen i 2010.

– Ho synst det er litt spesielt at eg skal gjera det same som henne. Ho har vore ein god støttespelar, og kjem med gode råd, seier Liv Holm Heide.

– Men det er nok mest mamma som lurer på kva ho har gjort som har fått to leiarar av Elevorganisasjonen, ler ho.

Tiril Seppola Reed er den andre frå Sogn og Fjordane som er vald inn i leiinga av Elevorganisasjonen. Ho vald til generalsekretær, og kjem frå Breim.

– Eg er kjempespent på året. Det blir ei bratt læringskurve, men me har eit bra utgangspunkt for ein god periode, så eg har trua, seier ho til Framtida.no.