Skal jobba for valdsfrie skular
Ungdom over heile landet skal jobba eit dagsverk for at elevar i Mellom-Amerika skal sleppa å vera redd for å gå på skulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her har 6000 unge blitt tatt livet av
Redd Barna er tildelt årets Operasjon Dagsverk. Det har Elevtinget bestemt. Pengane skal gå til eit prosjektet for trygg og god utdanning til ungdom i eit av dei farlegaste områda i verda – Guatemala, Honduras og Mexico.
– Me er utruleg stolte av at norsk ungdom vel å støtte den viktige kampen for valdsfrie skular i Latin-Amerika. Me gler oss til å koma i gang med planlegging og gjennomføring av årets Operasjon Dagsverk, seier generalsekretær i Redd Barna, Tove R. Wang.
Dei siste fem åra har over 6000 unge under 18 år blitt drepne i Guatemala, Honduras og Mexico. Dei fleste blei skotne. Dette er nokre av dei farlegaste områda i verda å vera ung i.
I dei utsette og fattige områda i desse landa, blir skulen ofte opplevd som utrygg og undervisinga er ofte dårleg og lite relevant for ungdomane sin kvardag. Fleire har opplevd å hamna i skotlinja mellom rivaliserande bandar på skulevegen, og skulen er arena for narkotikasal og rekruttering til kriminelle gjengar. Det er òg meldingar om vald frå lærarar i klasserommet. Når skule og utdanning ikkje er ein sterk motkraft til dei kriminelle miljøa, blir vegen ut av skulen og inn i ulike kriminelle miljø kort.
Med pengane som norske skuleelevar samlar inn i haust under årets OD, vil Redd Borna sørgja for at over 15.000 unge i alderen 13-19 år får ein tryggare, betre og valdsfri skule.
– Me skal jobba for at ungdomen opplever at det finst ein tilgjengeleg, god og alternativ livsveg gjennom utdanning og opplæring. Me skal sikra ungdom i utvalde område, uansett bakgrunn, tilgjenge til valdsfrie skular og andre kvardagsaktivitetar, seier Tove R. Wang.